Kvalitet
Lerum er sertifisert i samsvar med BRC Global Standard - Næringsmiddeltryggheit. Dette er ein internasjonal kvalitetsstandard for leverandørar til daglegvarehandelen. Standarden er eit viktig styringssystem for mattryggheit.
Lerum skal ha eit kvalitetssystem som tilfredstiller eigne, kundane og myndigheitene sine krav til kvalitetssikring av Lerum sine produkt.
Kvalitet er viktig i heile verdikjeda. Vi skal gjennom kvalitetssystemet sikre forbrukarane trygg mat og drikke, og vere ein kvalitetsleverandør i marknaden.
Lerum sine produkt skal vere bygde på tradisjon, fornying og gode råvarer.