Lerum
Lerum Fabrikker AS /
Lerum Konserves AS
Postboks 159, 6851 Sogndal

Telefon: 57 62 80 00
Telefax: 57 62 81 01
E-post: post@lerum.no

Gasta

Admin

Vestlandets beste eplejus kjem frå Sogn

20.08.2009

Friskpressa eplejus frå Sogn gjorde reint bord i konkurransen om Vestlandets beste eplejus 2009. – Ei stadfesting av Sogn sitt rykte som eit av dei beste distrikta for epleproduksjon, seier Merete Lunde i Lerum.

Sogningane gjorde reint bord
Festivalen i Øystese i Hardanger inviterte i år sogningane til å vere med i konkurransen om den beste eplejusen. 10 av bidraga var frå Hardanger og 11 var frå Sogn. Og Hardanger måtte sjå seg slått av Sogn i konkurransen om den beste smaken av eplejus.
 
Heile 6 av 7 finalistar vart produsert i Sogn, og Fou og kvalitetsdirektør Merete Lunde i Lerum er glad og stolt på sogningane sine vegner.

- Eple dyrka langs Sognefjorden har ein frisk og fin smak, ein smak som kan kjennast godt igjen i eplejusen, seier ho.

Lerum vart beste storprodusent
Lerum sin eigen Lerums eplejus pressa av eple frå Sogn henta heim ein solid tredjeplass – noko som sjølvsagt er ei stor fjør i hatten for ein industriell aktør som Lerum.

FoU- og kvalitetsdirektør Merete Lunde i Lerum
(Foto: Endre Romøren, Sogn Avis)

Eplejusen vart bedømt av eit dommarpanel som bestod av Tor Erling Gransæther frå Eplegården, Margrethe Aavatsmark frå Tine Fellesjuice, kelner Sindre Nesheim frå Hardangerfjord Hotell, fruktbonde Arnvid Steinstø og forbrukar Sigrun Løkken.

- Vi har heilt unike moglegheiter for eplejusproduksjon her i Sogn. Det er spesielt kjekt at fleire småskala jusprodusentar frå distriktet hevda seg så godt i Hardanger, seier Lunde.

Unike vekstvilkår gir smaken av sognaeple
- Den gode smaken kjem blant anna av den fine balansen mellom sukker og syre i sognaeplet. Jordsmonn og klima set også sitt unike preg på smaken, seier Fou og kvalitetsdirektøren.

Sognefjorden har eit særs godt klima og jordsmonn for epledyrking. Difor har sogningane til alle tider nytta eple i privat og industriell produksjon av mat og drikke.

 Lerum er den definitivt største jusprodusenten i området, og har gjennom fleire år drive godt utviklingsarbeid i høve å bevara og utnytta kvaliteten i sognaeple også inni store produksjonsliner.

- Veldig kjekt å nå så høgt, seier produktutviklar Gunnar Eikemo (t.v.), som saman med Åge Lerheim og Terje Rømo er stolte av jusproduktet sitt.

- Dei beste råvarene, lang og god erfaring og kunnskap med eplepress samt godt utstyr er stikkord for at Lerums eplejus pressa av eple frå Sogn hevdar seg heilt i toppen på smak, seier Merete Lunde.

 

Årets eplehaust fra Sogn er ute i butikkane no

Den tradisjonsrike pressinga av eple starta i slutten av september, og me vil halde på med pressing av eplejus så lenge det er eple å presse. No vonar me at flest mogleg finn han i butikken og får høve til å smake Lerums eplejus pressa av eple frå Sogn! 

 

Lerums jus



print

  Søk
Del artikkelen!