Lerum
Lerum Fabrikker AS /
Lerum Konserves AS
Postboks 159, 6851 Sogndal

Telefon: 57 62 80 00
Telefax: 57 62 81 01
E-post: post@lerum.no

Gasta

Admin

Bjarne Lerum har gått bort

13.10.2010

Det er med stor sorg vi i dag må meddele at vår kjære far og onkel, Bjarne Lerum, døydde den 12. oktober etter lengre tids sjukeleie. Bjarne Lerum vart 69 år gamal.

Etter teknisk utdanning i Sverige og eit kort opphald i Belgia, kom Bjarne attende til Sogn i 1964 og begynte oppbygginga av Lerum som ei moderne næringsmiddelverksemd saman med broren Kåre Lerum.

Bjarne Lerum planla og leia bygging og utvikling av Lerum sine store produksjonsanlegg for saft, syltetøy, jus og brus. Han stod for utvikling av nye produksjonsmetodar, innføring av ny teknologi, og bruk av emballasje med ny design. Han hadde ein ekstraordinær arbeidskapasitet, kreativitet og evne til gjennomføring av prosjekt. Han hadde ei heilt spesiell teknisk forståing for korleis produksjonsanlegga måtte tilpassast og drivast for å gjere det mogleg å produsere store volum av høg kvalitet. Bjarne Lerum sitt arbeid gjer at verksemda i dag står fram som ei av dei leiande næringsmiddelprodusentane i Noreg. Han var styremedlem og teknisk direktør i selskapa fram til han døydde. Han vil bli hugsa som ein ansvarleg eigar, ein klok leiar, ein god kollega og ein kjær far og onkel.

Bjarne Lerum eigde halvparten av Lerum-konsernet fram til han og broren overførte aksjane til oss i 4. generasjon i 2005.

Han etterlet seg kone, tre born og 7 borneborn.


Sogndal 13. oktober 2010

Lerum AS

Trine Lerum Hjellhaug
Bente Lerum Lund
Gro Lerum Bondevik
Grethe Kristin Lerum
Kurt Lerum

 



print

  Søk
Del artikkelen!