Lerum
Lerum Fabrikker AS /
Lerum Konserves AS
Postboks 159, 6851 Sogndal

Telefon: 57 62 80 00
Telefax: 57 62 81 01
E-post: post@lerum.no

Gasta

Admin

Lerum gratulerar Sogndal med opprykk

21.10.2010

I går kveld var mange av våre tilsette og 2600 tilskodarar til stades på ein kamp for minneboka. Etter 2-0 sigeren over eit sympatisk og velspelande Fredrikstad-lag, er returen til eliteserien sikra.

 

Lerum har vore samarbeidspartnar med Sogndal fotball sidan syttitalet, og hovudsponsor sidan 1981. Dette er nok det lengste sponsorsamarbeidet i norsk fotball, og noko som har gitt namnet til supportarklubben - Saftkokaradn - og til bygda Sogndal som ofte blir omtalt som saftbygdi.

Vi gratulerar alle i klubben med opprykket og ser fram til mange spennande kampar til neste år.

...vil du oppleve litt av seiersjubelen på Fosshaugane Campus i går, sjå videoen under (teken av Sogndal-supportar André Kalstad):

 



print

  Søk
Del artikkelen!