Stilling ledig som IKT-sjef / ERP-ansvarleg
08.02.2011
Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum konsernet har ein omsetnad på ca 440 mill. kroner og 130 personar tilsett. Med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet, er Lerum ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus. Lerum har eit moderne økonomi-, logistikk- og styringssystem som er integrert i heile verdikjeda. Lerum nyttar IT-plattform basert på virtuelle miljø, solid lagringsløysing i moderne lokale og har ei oppgradert ERP-plattform.
Til å leie IKT-området og vere ansvarleg for dei viktigaste fagsystema i Lerum, søkjer vi etter;
IKT-sjef / ERP-ansvarleg
Arbeidsoppgåver:
- Overordna ansvar for IKT-drift, herunder leie medarbeidar på IKT-området og ha det strategiske ansvaret for utvikling av IT-drift saman med medarbeidar og driftsleverandør.
- Vere pådrivar for å effektivisere prosesser ved smartare bruk av IKT.
- Leie og/eller delta i utviklingsprosjekt, implementeringsprosjekt og oppgraderingsprosjekt.
- Utarbeide løysingsspesifikasjonar ved vidareutvikling av ERP-system og tilstøytande system.
- Støtte avdelingane i Lerum med systemutnytting (systemfunksjonar, rutinar og organisering av arbeidsoppgåver ved hjelp av IT).
Ønska kvalifikasjonar:
- Stor interesse i å nytte moderne datateknologi til analyse og strukturering av prosessar.
- Likar kombinasjonen av forretningsmessig analytisk arbeid, operativ forståing og gjennomføring.
- Komfortabel med å drive gjennom tiltak på tross av komplekse og omfattande prosjekt.
- Erfaring med ERP-system er ein fordel
Vi kan tilby deg varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Økonomidirektør Bernt Bergheim, mobil: 95 23 29 56, e-post: bernt.bergheim@lerum.no
Søknad med CV og attest/vitnemål skal sendast til:
Lerum Fabrikker AS
Personalavd.
Postboks 159
6851 SOGNDAL
Søknadsfrist: Torsdag 25. februar 2011