Sogndal Fotball og Lerum signerar ny sponsoravtale
09.05.2011
30 års samarbeid - den lengste avtalen i Norsk toppfotball
I 2011 er det 30 år sidan Kåre Lerum og Rolf Navarsete forhandla fram den første sponsoravtalen og dette er det desidert lengste generalsponsorsamarbeidet i norsk toppfotball.
-Lerum og Sogndal Fotball har hatt eit fruktbart samarbeid i 30 år. No signerer vi for nye 3 år sjølv om intensjonen er at vi skal samarbeida utover desse 3 åra, seier administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.
Sidan den fyrste avtalen blei signert i 1981 har Lerum gitt Sogndal Fotball moglegheiten til å satsa på toppfotball med utgangspunkt i Sogndal og Sogn og Fjordane. Gjennom alle desse åra har Lerum vore ein viktig bidragsytar til at Sogndal Fotball er der dei er i dag.
- Vi har mange felles utfordringar og vi har mykje å lære av kvarandre.At vi no har signert ein ny 3 års avtale gir oss tryggleik for at vi kan halda fram den utviklinga som vi ynskjer, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal
- Lerum har vore med i medgang og motgang. Utan deira bidrag, hadde ikkje dette vore mogleg. Nettopp den langsiktige tenkinga som Lerum har bidrege med, har vore avgjerande for at også klubben har kunne satsa langsiktig. Med realisering av Fosshaugane Campus når gevinsten av dette samarbeidet også langt utover fotballen åleine, held Mundal fram.
Lerum ynskjer på lik linje med Sogndal Fotball å bidra til utvikling av det samfunnet som dei er ein del av.
- Vi er begge ganske små i forhold til konkurrentane våre. At Sogndal har klart å kvalifisere seg til Tippeligaspel er fantastisk. Bygda og regionen har vorte løfta av fotballen, og det er klart at me i Lerum er stolte over å ha vore ein av mange bidragsytarar til at satsinga gir slike frukter, avsluttar Trine Lerum Hjellhaug.
Ytterlegare informasjon/pressekontakt:
Egil Mundal Trine Lerum Hjellhaug
Dagleg leiar Administrerande direktør
Sogndal Fotball Lerum AS