Lerum
Lerum Fabrikker AS /
Lerum Konserves AS
Postboks 159, 6851 Sogndal

Telefon: 57 62 80 00
Telefax: 57 62 81 01
E-post: post@lerum.no

Gasta

Admin

Lerums Utvalde syltetøy vann internasjonal pris for smak og kvalitet

26.05.2011

Lerums Utvalde syltetøy blei nyleg tildelt to gullstjerner i Superior Taste Award, ein pris som som blir omtala som Michelin-guiden i matverda.

FOU og kvalitetssjef i Lerum, Merete Lunde, er godt nøgd med utmerkinga:

- Vi er strålande nøgde! Vi veit at kundane våre er veldig glade i syltetøyet vårt, så å få den gode smaken stadfesta av smaksekspertane er eit ekstra prov for at Lerums syltetøy leverer på smak.

Det er Internasjonalt Institutt For Smak & Kvalitet (iTQi) i Brüssel som står bak smaksprisen. Den blir tildelt årleg av eit omfattande dommarpanel med nokre av verdas dyktigaste kokkar og vinkelnarar.

Det var produkta Lerums Utvalde bringerbærsyltetøy, kirsebærsyltetøy og jordbærsyltetøy som hausta to gyldne stjerner i blindtesten, ei utmerking som berre blir gitt til bemerkelsesverdige produkt som scorar svært høgt i smaksbedømminga.

- Det blir spanande å sjå om utmerkinga vil føre til at endå fleire vil oppdage det framifrå utvalde syltetøyet vårt, seier Merete Lunde.

Les meir om iTQi og Superior Taste Award på www.itqi.com

The iTQi Superior Taste Award is a unique international recognition of taste quality. It certifies that the awarded consumer food and drink products have met or exceeded the taste quality expectations of iTQi juries composed by 120 top European Chefs, Sommeliers and beverage experts. The products are tested blind on their own merits following a strict sensory analysis process that guarantees total neutrality.



print

  Søk
Del artikkelen!