Lerum
Lerum Fabrikker AS /
Lerum Konserves AS
Postboks 159, 6851 Sogndal

Telefon: 57 62 80 00
Telefax: 57 62 81 01
E-post: post@lerum.no

Gasta

Admin

Lerum i Oslo under forskingsdagane

22.09.2011

 

Forskingsdagane er ein årleg nasjonal festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar vert inviterte til å vise fram arbeidet sitt for folk flest. Forskingsdagen sitt motto er å skape begeistring og forståing for forsking!

Lerum vil vere å finne på forskingstorget ved Universitetsplassen i Oslo fredag 23. september (kl. 09.00 – 16.00) og laurdag 24. september (kl. 10.00 – 17.00).

Ved Forskningsrådet sin stand vil Lerum presentere sitt prosjekt på ein heilt ny epledrikk med mindre sukker. Når mengda sukker er redusert, smakar epledrikken mindre søtt. No jobbar Lerum, saman med forskarar ved Nofima Mat og Njøs Næringsutvikling, med å finne fram til både dei rette epla og den beste produksjonsprosessen for å lage ein epledrikk med ein smak som mange likar. Lerum får støtte til forskingsarbeidet gjennom Matprogrammet til Norges Forskningsråd.

Vel møtt til torget!

Kontaktperson: Merete Lunde, tlf 99607678

Les meir om ny epledrikk

Les meir om Forskingstorget 

 

Foto frå forskingstorget fredag 23. september:

       

HKH kronprins Haakon i samtale med Gunnar Eikemo, produktutviklar i Lerum, og Forskningsrådets adm dir Arvid Hallén ved Lerum sin stand på forskingstorget.

 

Foto: Jon Solberg, Norges forskningsråd


print

  Søk
Del artikkelen!