Lerum
Lerum Fabrikker AS /
Lerum Konserves AS
Postboks 159, 6851 Sogndal

Telefon: 57 62 80 00
Telefax: 57 62 81 01
E-post: post@lerum.no

Gasta

Admin

Lerum - Historie med tradisjon og kvalitet

1905

I 1905 bygde Kari og Nils H. Lerum seg hus på Sørheim i Luster. Dei starta landhandel i kjellaretasjen, og tok i mot bær for vidaresending med båt til Bergen.

1907

Ein sommardag i 1907 sto det att nokre stampar bær på kaien. Det store spørsmålet var korleis bæra kunne koma til nytte. Kari og Nils fekk då idéen om å lage saft av bæra. Resultatet gav meirsmak.

1909

I 1909 bygde Lerum "safthuset" i den vesle veglause grenda Sørheim. No byrja saftpressinga verkeleg å "bære frukter", men isen på Lusterfjorden skapte vanskar vinterstid.

1920

I 1919 flytta Lerum difor produksjonen til Sogndal, midt i det beste frukt og bærdistriktet i landet.

Stadig fleire sette pris på den gode safta. Etter kvart kom syltetøy og juice til, og vart faste gjester på norske kjøkenbord. Fire generasjonar etter den første saftdråpen er Lerum den suverent største produsenten av ekte saft i Norge.

Sjølv om moderne utstyr har erstatta gamle håndpresser i tre, er Lerum framleis trufast mot idéen som starta det heile. Råvarene er frukt og bær av finaste kvalitet og oppskriftene er ein familieløyndom.


Les om heile historien (1950-2008)