Fairtrade
Lerum Fairtrade Juice - for deg som vil gjere ein god handel.
Lerum støttar god handelsetikk. Fairtrade si oppgåve er å fremje rettferdig handel. Sjølvstendige småbønder i utviklingsland får på denne måten ein rett pris for varene dei produserar.
Fairtrade-merket er din uavhengige garanti for at dette produktet er sertifisert etter internasjonale standardar for Fairtrade.
Kjøpet ditt fører til betre arbeidsvilkår og tryggare sosiale tilhøve for småprodusentar og arbeidarar i nokre av dei fattigaste delane av verda. Samstundes bidreg du til å verne om miljøet.