Saftrevolusjon frå Lerum
Lerum-konsernet i Sogndal er no klar med ein heilt ny og revolusjonerande saftserie med heile 97 prosent råsaftinnhald, utan tilsett sukker – med Lerum Kvalitet!
Styresmaktene og forbrukarane ynskjer å redusere sukkerforbruket. Difor vel mange sukkerfrie lightprodukt. Dei fleste av desse er leskedrikk utan råvarer frå frukt og bær. Lerum valde difor å utvikle eit meir naturleg alternativ med 97 prosent råsaftinnhald.
-Me har utvikla ein helt ny konseptserie, som me meiner er moderne og framtidsretta for folk med sunne haldningar og som likar å vite kva dei drikk, opplyser produktsjef Bente Lerum Lund. Den nye safta er søta med Splenda som er laga av sukker og smakar som sukker. Splenda er heilt utan kaloriar og gjer det mogleg å ha heile 97 prosent råsaftinnhald i flaska.
Lerum-konsernet gler seg også over at Idol-kjendis, Tone Damli Aaberge, har hovedrolla i konsernet si største reklamesatsing nokon sinne. Ho er med i ein reklamefilm som vil introdusere den nye sukkefrie saftserien. Filmen er spela inn i samarbeid med kommunikasjonshuset MK Bergen Reklamebyrå.
-Tone er ein friskus, ekte vare frå Sogndal. At ho takka ja til hovudrolla i den nye reklamefilmen vår er me mykje glade for, seier produktsjef Bente Lerum Lund.
-Eg vart veldig glad då Lerum kontakta meg. For meg er det ekstra kjekt å stille opp for Lerum, ein av dei viktigaste arbeidsplassane i heimbygda mi, seier Tone Damli Aaberge.
Lerum fyller 100 år i 2007 og i alle desse åra har verksemda hatt eit ufråvikeleg krav til kvalitet. Alle produkt frå Lerum vert laga av beste kvalitet frukt og bær.
Fotograf: Øystein Klakegg, MK Bergen Reklamebyrå AS