Gode minne på ny flaske

Lerum Solbærsirup er eit ikon og sjølve symbolet på eit over hundre år langt safteventyr. Gjennom fire generasjonar, heilt sidan starten i 1907, har Lerum foredla solbær til saft og syltetøy. Vårt kompromisslause kvalitetskrav til ekte og naturlege råvarer er sjølvsagt også heilt avgjerande for den gode smaken. No kjem «den originale» på ny flaske, med nytt design.

Likevel er Lerum Solbærsirup så mykje meir enn god smak. Det er også gode minne og fine opplevingar. Det er ei saft svært mange av oss har eit spesielt forhold til. Kven hugsar ikkje augeblikk frå barndommen då bestemor eller mor serverte Solbærsirup i glaset? Det kunne vere som tørstedrikk på tur, til søndagsmiddagen med familien eller som lindring når du var litt tufs og heime frå skulen. Solbær er ei god kjelde til vitaminar og antioksidantar, og det kjem alltid godt med når formen ikkje er heilt på topp.

Lerum Solbærsirup er dessutan like god året rundt. Den høver seg på dei varmaste sommardagar eller frostige vinterkveldar. Det særeigne med Lerum Solbærsirup er at den er like god kald som varm. Den passer etter ein joggetur eller berre som kosedrikk. Dette er så absolutt ein allsidig klassikar.

Når Lerum Solbærsirup no kjem på ny flaske, med nytt design, er det mest som ei påminning. Det for å fortelja at denne safta på alle måtar er ein god tradisjon som fortener å leva vidare. Det er ei nylansering av god smak, som passer perfekt til fine minne som kjem. Den originale, fyldige og runde smaken, som Lerum Solbærsirup alltid har hatt, er difor sjølvsagt den samme. 

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway