Lerum investerer 250 millionar i nytt produksjonsanlegg på Kaupanger

Nesten hundre år med syltetøyproduksjon på Kaien skal bli erstatta av bustader, utvikla av Veidekke Eiendom as. Ill: Veidekke

Nesten hundre år med syltetøyproduksjon på Kaien skal bli erstatta av bustader, utvikla av Veidekke Eiendom as. Ill: Veidekke

ressemelding:

(Sogndal 18.10.2016) Styret i Lerum har vedteke å investere ein kvart milliard kroner for å flytte syltetøyproduksjonen og hovudadministrasjonen frå Sogndal til Kaupanger. Veidekke kjøper produksjonsanlegget på kaia i Sogndal saman med lokale investorar for å utvikle eit prosjekt med om lag 140 bustadar (ill.over). Veidekke har samstundes fått oppdraget med å utvide Lerum sin fabrikk på Kaupanger.

Lerum flyttar syltetøyproduksjonen og hovudadministrasjonen i Sogndal til anlegget på Kaupanger. Planen er at flyttinga skal vere gjennomført innan mars 2018.

I dag er ein stor dag i Lerum. Vi har beslutta å flytte frå fabrikken på kaien i Sogndal, der vi har hatt produksjon sidan 1920. Det er eit omfattande prosjekt og ei betydeleg investering for oss, men vi er overtydd om at det må til dersom vi skal halde fram som ein leiande leverandør av næringsmiddelprodukt til den norske marknaden, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

NY FABRIKK OG KONTOR: Lerum investerer ein kvart milliard i nye produksjonslokale og eit administrasjonskontor ved den eksisterande fabrikken på Kaupanger. Tilbygga er markert i raudt. Foto/Illustrasjon:Lerum.

NY FABRIKK OG KONTOR: Lerum investerer ein kvart milliard i nye produksjonslokale og eit administrasjonskontor ved den eksisterande fabrikken på Kaupanger. Tilbygga er markert i raudt. Foto/Illustrasjon:Lerum.

Det skal byggast om lag 4 500 m2 nytt areal på Kaupanger og om lag 1 500 m2 av eksisterande bygningsmasse skal ombyggast. Vi legg opp til at arbeidet startar i haust i samarbeid med Veidekke Entreprenør i Sogndal.

Med denne utbygginga vil vi få ein topp moderne og effektiv fabrikk på Kaupanger. Dette gir oss konkurransekraft, slik at vi kan vidareutvikle posisjonen vår som marknadsleiar på saft i Norge, samt utfordre syltetøyposisjonen. I tillegg betyr det mindre transport mellom Sogndal og Kaupanger, og mellom Lærdal og Kaupanger. Den samla investeringa inkludert kjøp av fabrikkbygget frå SIVA, er kostnadsrekna til om lag 250 millionar kroner, held Trine Lerum Hjellhaug fram.

Dei totalt 6 000 m2 skal romme kontor, emballasjelager, frys, kokeri og produksjonslokale. Produksjonen i Sogndal skal halde fram for fullt i flytteperioden, parallelt med at vi flyttar steg for steg og startar opp produksjonslinjene på Kaupanger.

Det vert ei stor utfordring for oss å bygge, flytte, produsere og halde oppe leveringsevna samtidig. Vi er derfor glade for at mange av våre tilsette har vore med å flytte fabrikk tidlegare. Dette vert krevjande, men med positiv innstilling og ekstra innsats frå alle tilsette, skal vi få til dette også.  Eigedommen i Sogndal skal seljast og utviklast til bustadar.

Dette grepet er viktig også for utviklinga og styrkinga av regionsenteret Sogndal. Sogndal veks og det er ynskje om fortetting og busetjing i sentrum. Med dette prosjektet får vi mange nye svært attraktive bustadar ved fjorden i Sogndal sentrum. Å få vekk tungtrafikken og fabrikken frå sentrum vil og vere bra, samstundes som Lerum framleis blir verande i kommunen. Dette er difor eit viktig grep både for Sogndal og Lerum, avsluttar Trine Lerum Hjellhaug.


For ytterlegare informasjon kontakt:
Trine Lerum Hjellhaug
Administrerande direktør
Lerum AS
Mob.: 975 45 091

Pål Aglen
Regionsdirektør
Veidekke Eigedom
Mob.: 993 89 224

Rune Karlsen
Distriktsleder
Veidekke Entreprenør Sogndal
Mob.: 970 65 243

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway