Lerum 110 år i 2017

I den vesle grenda Sørheim i Luster i Sogn kokte «Bestemor Lerum» si første saft, ein augustdag i 1907.

Som i eventyra snudde ho eit tilsynelatande nederlag til ein siger. «Bestemor Lerum» heitte Kari Ørbech Hansdotter Lerum og hadde gifta seg med handelsmann Nils Hansson Lerum. Dei tok imot bær frå bøndene i området

og sende dei med båt vidare til Bergen. Ein dag vart to bærstampar ståande att på kaia. For at bæra ikkje skulle bli øydelagde, laga Kari saft av bæra. Safta vart fylt på flasker og selt i Bergen. Safta vart godt motteken, og neste sesong kom det nye ordrar frå Bergen. Dette var starten på Lerum-eventyret.

Gjennom 4 generasjonar har familien Lerum laga produkt av frukt og bær. Vi kombinerar norsk tradisjon med kunnskap om foredling og ernæring, i tråd med trendar i marknaden og forbrukarbehov. Høg kvalitet står som alltid sentralt. Difor er det framleis ufråvikelege krav til kvalitet som er det einaste rette.

Det er med stoltheit vi etter 110 år kan slå fast at bedrifta framleis er ei familiebedrift som vert driven av 4. generasjon Lerum. Vi skal lage verdas beste smak av frukt og bær!

 

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway