Nyheit! To nye sirupsmakar frå Lerum

20. Februar 2017 lanserar vi to nye produkt; Bringebærsirup og Ripssirup. Eit av Lerum sitt eldste og mest populære produkt er Lerum Originale Solbærsirup. Den har ein ekstra fyldig og god smak av herlege solbær, som er ei god kilde til C-vitamin, og egnar seg like godt kald som varm. Dette er drikken som kanskje ikkje gjer deg frisk av forkjølinga, men som mange synest smakar aller best når ein er forkjøla.  

 

Etter at fleire generasjoner nordmenn har fått glede av Lerum Solbærsirup, gir vi no forbrukarane enno meir å glede seg over på både kalde vinterdagar og varme sommarkveldar. Dei nye sirupane inneheld sjølvsagt ekte bær med viktige næringsinnhald, og du vil oppleve den samme fyldige konsistensen og den runde gode smaken. Vi gledar oss til å høyre kva forbrukarane synest om produkta som allerede har vorte favorittar her hjå oss i Lerum.  Produkta kan kjøpast i dei fleste daglegvarebutikkar

Når vi no kjem med ein sjeldan lansering som er sukra, er det fordi vi er opptekne av at forbrukaren skal få valfriheit, og dei fleste av oss ønskjer noko for ein kvar anledning. Nokre ganger er det viktigast med kosen og den fyldige smaken, andre ganger vil vi ha sukkerfrie og kalorifattige produkt. Som alt anna her i livet, gjeld det å finne ein god balanse.

I vårt totale produktsortiment finst det mange alternativ utan sukker, men og ein del med sukker, slik som dei nye sirupane. 1 glas utblanda sirup inneheld karbohydratar på linje med eit glas jus. Faktisk er det slik at sidan 2013 har vi lansert 15 nye saftprodukt, og samtlege av desse har enten vore heilt utan tilsett sukker, eller vore sukkerreduserte.

Samla sett har vi i Lerum AS redusert det gjennomsnittlege sukkerinnhaldet i våre saftprodukt med 29 prosent dei siste fem åra. Vi planlegg ytterlegare reduksjonar fram mot 2020 som vil føre til at vi totalt sett vil halvere vårt gjennomsnittlege sukkerinnhald over ein ti års periode.

Målet vårt fram mot 2020 er å redusere 50 % meir enn det drikkeprodusentbransjen i fellesskap har lova regjeringa. Målet vårt er ambisiøst, men realistisk.

  

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway