Fabrikkanlegg

Avdeling Kaupanger

For å møte krav til kapasitet og kvalitet bygde Lerum i 1993 eit framtidsretta anlegg for produksjon og tapping av drikkevarer. Fabrikken er tilrettelagt for omvising.

Ta kontakt for omvisning.


Avdeling Sogndal

Nederst i fjøresteinane i Sogndal ligg Lerum sitt anlegg for produksjon av syltetøy.


Avdeling Lærdal

Lerum sitt fryseanlegg for bær ligg i nabokommunen, Lærdal.


Industri- og Handelsmuseum

Vi tilbyr omvising i industri- og handelsmuseumet på Sørheim i Luster kommune. Fabrikken frå 1907 vart restaurert til 90 årsjubileumet til Lerum i 1997 og står fram slik den var opprinneleg. I 2003 opna den restaurerte landhandelen som Nils og Kari Lerum starta i 1905.

Industri og handelsmuseumet har sesongope frå 1. mai - 1. oktober

For omvisning, ta kontakt med Astrid Lerum: Tlf. 90 13 73 02  

E-post: lerum.museum@leri.no

Sjå også...

 

Starten på Lerum eventyret

I 1905 bygde Kari og Nils H. Lerum seg hus på Sørheim i Luster. Ein sommardag i 1907 sto det att nokre stampar bær på kaien etter at båten til Bergen var gått. Kari og Nils fekk då idéen om å lage saft av bæra.