Frukt- og bærdyrking i Sogn

Lerum held til i eit av dei nordlegaste  områda for frukt- og bærdyrking i verda, og vi kan like godt innrømme det med ein gong:

Vi jobbar med naturen sine sunnaste råvarer, og det har vi gjort i meir enn 100 år. Frukt og bær med sterke fargar er fulle av både vitaminar og antioksidantar.

Olav Sørum, tidlegare rådgivar i Norsk Landbruksrådgiving i Sogn og Fjordane, fortel kvifor forholda for fruktdyrking i Sogn er så ideelle.

Grunnlaget for god frukt- og bærdyrking i Sogn ligg i kombinasjonen av bergartar som gjer jorda svært næringsrik, varme somrar, fjordvarme som dempar vinterkulden og rikeleg med stabil tilførsle av vatn frå snø og is som smeltar frå breane, seier Sørum. Han påpeikar at kvaliteten på frukta og bæra blir så god fordi klimaet produserar lite skadedyr, noko som betyr lite bruk av plantevernmiddel. - Lerum har gått i bresjen for at bærdyrkarane skal få skikkeleg pris for skikkeleg kvalitet. Dei har ført denne kampen på vegne av bærdyrkarane og på denne måten vore med og halde oppe norsk frukt- og bærproduksjon, seier Sørum.

Vi har eit nært og tett forhold til dyrkarane, og deltek i prosjekt for å fremje norsk produksjon. Dette har vi lukkast med, då produksjon av norske råvarer har teke seg opp etter ein nedgangsperiode. Vi arbeider tett saman med frukt- og bærnæringa for å finne nye artar som er gode til vår produksjon, både på smak og haldbarheit. Det gir oss god kunnskap om dei ulike sortane.

Det er uansett alt for lite frukt og bær produsert i Noreg til å dekke vårt behov. Vi har nokre produkt med kun norske råvarer. Lerums Utvalde Jordbærsyltetøy og Lerums Utvalde Bringebærsyltetøy inneheld kun norske bær.  I tillegg har Jordbær- og Bringebærsyltetøy Utan tilsett sukker, med heile 80 % bærinnhald, kun norske bær. Av andre nordiske råvarer brukar vi skogsbær som molte, blåbær og tyttebær frå dei nordiske skogane.

Vi tek alt vi får av norske råvarer, men dette er ikkje nok til å dekke det behovet vi har. Vi må difor i tillegg importere råvarer. Vi er sjølve ute for å kjøpe inn bær og frukt, og mykje av det er "handplukka" for oss av utvalde leverandørar. Nokre av desse har vi hatt kundeforhold til i meir enn 30 år, vi er såleis sikre på at kvaliteten er høg. Det merkar du på produkta.

Lerum - Ekte vare smakar best! 

Sjå også...

 

Industri- og handelsmuseum

Landhandelen som Nils og Kari Lerum opna i 1906 vart restaurert og opna som museum i 2003. Saman med saftmuseet er dette i dag eit industri- og handelsmuseum.