Historie

1905

I 1905 bygde Kari og Nils H. Lerum seg hus på Sørheim i Luster. Dei starta landhandel i kjellaretasjen, og tok i mot bær for vidaresending med båt til Bergen.


1907

Ein sommardag i 1907 sto det att nokre stampar bær på kaien. Det store spørsmålet var korleis bæra kunne koma til nytte. Kari og Nils fekk då idéen om å lage saft av bæra. Resultatet gav meirsmak.

bær i stampar.JPG

1909

I 1909 bygde Lerum "safthuset" i den vesle veglause grenda Sørheim. No byrja saftpressinga verkeleg å "bære frukter", men isen på Lusterfjorden skapte vanskar vinterstid.


1919

I 1919 flytta Lerum difor produksjonen til Sogndal, midt i det beste frukt og bærdistriktet i landet.

Stadig fleire sette pris på den gode safta. Etter kvart kom syltetøy og juice til, og vart faste gjester på norske kjøkenbord. Fire generasjonar etter den første saftdråpen er Lerum den suverent største produsenten av ekte saft i Norge.


1950

Karl Lerum tok over som 2. generasjon og firmanamnet var A/S Lerums Saftfabrik.


1964/-69

Ny syltetøyfabrikk og kontorfløy vart bygd i Sogndal i 1964, og i 1969 vart fabrikken utvida.


1970

3. generasjon ved Kåre og Bjarne Lerum overtek den daglege drifta.


1974/-79

Lokala i Fjøra vart for små for verksemda, og i 1974 kjøpte Lerum eigedomane til Sognefjordens Uldvarefabrik. Anlegget, som ligg på Foss i Sogndal, vart bygd ut til ein moderne saft- og brusfabrikk. Produktsortimentet vart på den tida merkevarene Pepsi Cola og 7-Up, + Lerum sitt eige sortiment av saft, brus og cider.


1982

Lerum kjøper tidlegare Drægnis på Hermansverk, effektiviserte fabrikken og heldt fram med syltetøyproduksjon der til 1991. I 1984 starta vi opp med produksjon av 1-liter juice på Hermansverk.


1984

Karl Lerum mottek Kongen Fortenestemedalje i gull


1990

Omsynet til morgondagens miljøkrav førte til at Lerum i 1987 var blandt initiativtakarane til bygging av ein spesialfabrikk for produksjon av miljøvenlege PET-flasker. Polytech Inc. AS vart skipa og eit moderne industribygg av høg standard vart oppført på Kaupanger Industriområde. I 1990 overtok Lerum Polytech Inc. AS. I 1990 vart det også føreteke ei total fornying av fabrikkanlegget på Hermansverk. Det vart sett inn moderne maskiner for produksjon av 0,5 l og 1,5 l brus på returflasker, i tillegg til juice.

Returflaskene er laga av miljøvenleg plastmateriale og kan fyllast opp til 20 gonger før dei vert resirkulerte. Sommaren 1991 vart fabrikken re-opna.


1993

Lanseringen av brus på returflasker viste seg å ta over marknaden fullstendig i høve til glasflasker. Avdelingen på Hermansverk kunne ikkje dekke etterspurnaden. For å halde posisjonen i marknaden, måtte produksjonen aukast. Kåre og Bjarne Lerum byrja å planlegge eit nytt produksjonsanlegg. Anlegget vart oppført på rekordtid, og sommaren 1993 sto det ferdig på Kaupanger industriområde. Anlegget var på 17 000 kvadratmeter og hadde 3 tappelinjer.


1997

I 1997 vart syltetøyfabrikken i Sogndal modernisert med nye produksjonslinjer. Dette året var Lerum 90 år, og den første saftfabrikken på Sørheim vart restaurert og opna som museum. Alt av gamalt utstyr vart funne og sett på plass att.


1998

Kostnadane ved å drive produksjon av brus både på Kaupanger og Hermansverk vart for store, og all produksjon flytta til Kaupanger i desember 1998. Anlegget på Kaupanger vart utvida med nytt ferdigvarelager og nytt lager til Polytech. Arealet auka no frå 17 000 til 21 540 kvadratmeter, og hadde no 7 produksjonslinjer. Pepsiavtalen vert avslutta.


2002

I 2002 vart dei første robotane for pakking installert på fabrikkanlegget i Sogndal. Sukkerhantering og Kokeri vart automatisert i 2003, og gjorde kokeprosessen enklare og mindre arbeidskrevjande.


2003

Landhandelen som Nils og Kari Lerum opna i 1906 vart restaurert og opna som museum. Saman med saftmuseet er dette i dag eit industri- og handelsmuseum.


2004

I år 2004 vart det investert i nye maskiner og nytt utstyr. Ei ny maskin for 1,5 l juice m/skrukork vart sett inn i ein heilt ny produksjonshall for juice på Kaupanger. I tillegg førte krav frå kundane til at vi måtte investere i nytt merkesystem (EAN-128) og ny kvalitetsstandard (BRC - British Retail Consortium). Anlegget er med dette svært automatisert og tilpassa framtida. Kåre Lerum vart alvorleg sjuk. Viseadm. dir. Jan Petter Vadheim tok over som adm. dir.


2005

Generasjonsskifte i Lerum. Den 9. desember 2005 overtok 4. generasjon Lerum aksjane i Lerum AS. H.M. Kong Harald utnemner Kåre til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.


2007

Lerum feira 100 års jubileum. Lerum er ein av få bedrifter som kan feira 100 år som privateigd familiebedrift.


2008

Lansering av nye sukkerfrie produkt, og spesielt Lerums Utvalde syltetøy skapar framgang og gode resultat for Lerum. Trine Lerum Hjellhaug overtek som konsernsjef.


2009

Rekordgodt resultat, vinnar av fleire designprisar for serien Lerums Utvalde


2010

Teknisk direktør Bjarne Lerum går bort i ein alder av 69 år

 

2011

Mottek Superior Taste Award pris for 3 variantar Lerums Utvalde.


2012

Får stor merksemd ved innspeling av historien vår på Sørheim i samband med TV2 serien Farmen. Vi formidla kunnskapen om korleis safting og sylting vart gjort for 100 år sidan.


2013


2014


2015


Sjå også...

 

Gamal etikett

Garantert ægte naturvare. Etikett for bringebærsaft frå N.H. Lerums Saftfabrikk frå rundt 1920. På denne tida flytta ein produksjonen frå Sørheim i Luster til Sogndal.