3 liter eplejus

Lerums eplejus 3 liter bag in box

Eplejusen er 100% jus av friske eple, og utan tilsett sukker. Vi har tappa jusen i 3 liter bag in box med tappekran som gjer det enkelt å skjenke både for liten og stor. Tappefunksjon hindrar lufttilgang, difor held jusen den gode kvaliteten i minimum fire veker etter opning. Pakninga er perfekt å ha med seg på weekendtur på hytta eller med båten.

Lerums eplejus har ein syrleg, frisk og fruktig eplesmak og en fin gyllen farge. Eplejusen er framstilt frå konsentrat. Under produksjon vert det tilsett same mengde vatn til konsentratet som det var opprinneleg i frukta. Jusen er difor 100% eple. Den er ikkje tilsett sukker, og inneheld kun fruktsukkeret som finst naturleg i eple. Jusen går godt saman med mat og som ein tørsteslukkar i kvardag eller helg. Pakningaer praktisk å frakte med seg på weekendtur med familie eller venner, og når mange skal serverast under grillpartyet på terrassen! Den har vesentlig lenger haldbarheit enn jus på vanleg kartong.


Ingrediensar

100 % eplejus (framstilt frå konsentrert fruktjus). Nettovolum 3 liter


Næringsinnhold pr 100 ml

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway