-1.png

Ekte vare smakar best

 

Direktør for forretningsutvikling

Stad: Sogndal/Asker

Frist: 28.08.2017

Varigheit: Fast

Vi søker ein initiativrik lagspelar som skal vere med å vidareutvikle selskapet. Direktør for forretningsutvikling skal legge grunnlag for å ta strategiske avgjersler innan eksisterande og nye forretningsområde og med det bidra til vidare vekst og utvikling. Du vil leie selskapet sin strategiprosess, identifisere og initiere driftsmessige forbetringsprosjekt og leie desse på tvers i organisasjonen. Du vil og ta del i investeringsprosjekt. Rolla skal vere pådrivar for innovasjon på alle områder. Stillinga rapporterer til administrerande direktør. Arbeidsstad er Sogndal eller Asker.

Rett kandidat har høgare utdanning og bakgrunn frå daglegvarehandel, faghandel eller næringsmiddelproduksjon som leiar eller ekstern konsulent. Kompetanse og erfaring knytt til realisering av utviklingsprosjekt er ønskeleg. Som person bør du vere analytisk, sjølvstendig, sjølvgåande, utadvent og strukturert. Du er ein relasjons- og kulturbyggar med god forståing for innovative og kommersielle prosessar.

Lerum tilbyr ein spanande og brei rolle i ei tradisjonsrik og framtidsretta verksemd.

Fleire opplysningar får du hos Mercuri Urval ved Hans Kristian Henriksen, telefon 97559062, eller Britt Røil, telefon 97559090. Du kan også kontakte administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, telefon 97545091. Meld di interesse ved å leggje inn CV og søknad snarast. Søknadsfrist: 28. august. Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg òg overfor oppdragsgjevar.

Om arbeidsgivaren

Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar. I 2016 hadde Lerum ein brutto omsetnad på 495 mill. kroner og 130 tilsette. Produksjonsanlegga og hovudkontoret ligg i saftbygda Sogndal i Sogn og Fjordane, i eit av dei beste frukt- og bærdistrikta i landet. Lerum har også eit avdelingskontor i Asker. Produkta spenner frå velkjende klassikarar som Lerums Solbærsirup til nye og innovative produkt. Den kalorifrie tørstedrikken Zeroh! vart lansert i 2013, og har erobra ein tredel av dette segmentet. Det er med stoltheit vi etter 110 år kan slå fast at bedrifta også i framtida skal lage verdas beste smak av frukt og bær! www.lerum.no

 

Sjå også...

Historisk profilering

Denne flotte plakaten brukte Lerum i profileringa på slutten av 1920-åra.