Ledig stilling

Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar.

Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRC, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. No også med heilt ny syltetøyfabrikk, opna i mai 2018.

 

lerum_stilling.jpg

 

Ledig stilling som Automatikar/Elektrikar

 

Vår tekniske avdeling er no på leit etter ein automatikar/elektrikar, kanskje du er den rette? Vi har ledig 100% fast stilling ved vårt anlegg i Kaupanger. Vi søkjer etter ein dyktig, initiativrik og sjølvstendig automatikar/elektrikar. Du vil her bli del av eit spennande og moderne miljø, med utfordrande og lærerike oppgåver.

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som automatikar eller elektrikar, eller høgare relevant utdanning

  • Praksis / erfaring frå tilsvarande industri er ønskjeleg

 

Våre verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert. Send inn din søknad om du har desse verdiane, og ønskjer å bidra i eit spanande miljø.

 

Spørsmål om stillinga ovanfor kan rettast til:

Fabrikksjef Magne Lund, tlf: 911 46 271.

 

Søknad med CV og attest/vitnemål skal sendast på epost til:

HR-direktør Trude Ramstad, epost: trude.ramstad@lerum.no

 

Skriv kva stilling du søkjer i emnefeltet.

 

Søknadsfrist: 05.07.18

-1.png
 

Sjå også...

Historisk profilering

Denne flotte plakaten brukte Lerum i profileringa på slutten av 1920-åra.