Julebrus og julebrus light

Lerums julebrus er vorte ein tradisjon for mange når jula nærmar seg. I 2006 bestemte Lerum å avvikle produksjon av julebrus. Denne nyheita nådde ein heilfrelst julebrusforbrukar frå Bergen, som hadde sterke tradisjonar med Lerum julebrus og eiga julefeiring og julestemning. Det vart starta eit opprop på internett for å få Lerum til å fortsette produksjon av julebrusen. Etter berre eit døgn hadde nær 650 menneske signert oppropet. Aksjonens omfang og respons gjorde at vi omgjorde vedtaket om avvikling av julebrusen. Det var ei gleda å kunne formidle at vi fortsatt ville gi forbrukarane våre den gode julestemninga.

Lerums julebrus er ein raud julebrusvariant med smak av bringebær og fin og klar farge, som er med og skapar julestemning for både store og små.

I 2013 lanserte vi julebrus light, ein variant som er etterspurd av mange. No får du den i butikkane på Vestlandet.

Sjå også våre andre produkt