Saft

Tradisjonelt er safting ein måte å ta vare frukt og bær gjennom heile året. I fire generasjonar har Lerum laga saft av frukt og bær i Sogn. Vi tilbyr ulike variantar saft, både med vanleg sukker og utan tilsett sukker, og no også med stevia (Lett frå naturen). Safta kjem i mange kjende og kjære smakar som for eksempel solbær, blåbær, bringebær, appelsin, eple, pære og skogsbær. To av pilarane gjennom mange år er Lerums Husholdningssaft, som er ei blanding av eple, drue, kirsebær og pære, og sjølvsagt  Lerums solbærsirup. Saft skal blandast ut med reint friskt vatn. 1 del saft blandast med 4 eller 5 delar vatn. Sjølv om saft inneheld sukker er saft eit sunnare alternativ enn mange andre drikkealternativ, sidan saft inneheld vitaminer og mineralar som kroppen treng.

Vi håpar du finn din favoritt!


Lerum saft

Lerums saft - den originale saftsmaken! I serien finn du klassikarane Lerums solbærsirup og Lerums husholdningssaft, og andre tradisjonelle smakar som appelsin, bringebær, blåbær og sitron/lime. Den nyaste varianten er sesongproduktet Haustsaft med rips og bringebær. Ekte vare smakar best! Klikk på produktet for å lese meir.


Lerums saft utan tilsett sukker

Lerum sin serie med saft utan tilsett sukker er utvikla med tanke på å oppnå mest mogleg frukt og bær i produkta - heile 97% råsaft. Det er ikkje tilsett sukker utanom det sukkeret som naturleg er i råvarene. Produkta er tilsett søtstoffet, sukralose, for å få fram den gode smaken som vi forventar av saft. Safta gir 7 - 11 kaloriar pr dl ferdig drikk, og derfor er Lerums saft utan tilsett sukker er eit godt alternativ til deg som er oppteken av mat med lite energi, og samtidig vil ete sunt. Lev lettare med Lerums Utan tilsett sukker! Klikk på produktet for å lese meir


Lerums Lett frå Naturen saft

Lerums Lett frå Naturen er ein ny generasjon saft med stevia i kjende smakar i lettare utgåve. Safta har 50% mindre sukker og er eit godt alternativ for deg som vil redusere sukkerinntaket, utan at det går på bekostning av smaken. Stevia er eit søtstoff som ikkje gir kaloriar, og som er eit uttrekk frå planta Stevia som har naturleg søtstoff. Planta kjem frå Sør-Amerika, og er brukt som søting i mat og drikke i fleire hundre år. Stevia vart godkjent i Noreg sommaren 2012, til bruk i sukkerfrie og energireduserte næringsmiddel. Kombinasjonen av søtstoffet stevia og litt sukker gir ein frisk og god smak. Klikk på produktet for å lese meir. I serien Lerums Lett frå Naturen får du også syltetøy.

Sjå også våre andre produkt