Saft

Opphavet til Lerum og saftbygda starta i 1907, då Kari og Nils Lerum tappa si første saft med bær frå ein lokal frukthage. Tradisjonelt har safting vore ein måte å ta vare på frukt og bær gjennom heile året. Dette handtverket har gått i arv gjennom fire generasjonar av Lerum-familien, og den dag i dag er framleis all vår saftproduksjon i Sogndal. På folkemunne vert Sogndal kalla for Saftbygda. Saft blandast ut med reint, friskt vatn, og er ein smakfull og anvendeleg tørsteslukkar som dei fleste likar.

Vi tilbyr i dag tre ulike produktseriar med saft, i mange ulike smakar,  både med og utan tilsett sukker. Vi håpar du finn din favoritt!


Lerum - Den Originale safta

I denne produktserien finn du våre mest lettdrikkelege tørsteslukkarar, som passar like godt til heile familien. Den mest populære er sjølvsagt vår milde og gode Originale Hushaldningssaft.

I desse klassiske produkta har vi brukt suksessformelen til Kari og Nils Lerum frå 1907 – fullmoden frukt og bær vert pressa til ei fyldig og god råsaft. Denne vert rørt med sukker for ein rund og god smak. Sjølv om saft inneheld sukker er det eit sunnare alternativ enn mange andre drikkealternativ, sidan saft i tillegg inneheld vitaminer og mineralar som kroppen treng. Ekte vare smakar best! Klikk på produktet for å lese meir.


Lerums Sirup

Lerum sine sirupar har ein ekstra fyldig og god smak, og smakar like godt kald som varm.

Lerum sitt mest kjente produkt er vår originale Solbærsirup. Den har vorte ein kjent og kjær følgjesvenn for mange nordmenn, både som kosedrikk, tørsteslukkar, drikke til mat og ikkje minst som turdrikk både sommar og vinter. Klikk på produktet for å lese meir


Lerums - Utan tilsett Sukker

Lerum sin serie med saft utan tilsett sukker er utvikla med tanke på å oppnå mest mogleg frukt og bær i produkta - heile 97% råsaft. Det er ikkje tilsett sukker, utanom det sukkeret som naturleg er i råvarene. Produkta er tilsett søtstoffet sukralose, for å få fram den gode smaken som vi forventar av saft. Safta gir 7 - 11 kaloriar pr dl ferdig drikk, og difor er Lerum saft utan tilsett sukker eit godt alternativ til deg som er oppteken av mat med lite energi, og samstundes vil ete sunt. Lev lettare med Lerum Utan tilsett sukker!


Sjå også våre andre produkt