Syltetøy

I fire generasjonar har Lerum laga syltetøy av frukt og bær. Nokon ønskjer meir bær og mindre sukker, nokon vil ha det akkurat slik det har vore i lange tider. Nokon vil ha syltetøy på glas, andre vil ha det på boks. Nye typar søtning vert det forska på, og for at alle skal finne sin favoritt, har vi laga 4 ulike seriar med ulike smaksvariasjonar. Vi har seriane Lerums Utvalde, Lerums Utan tilsett sukker, Lerums syltetøy og Lerums Klem.

Les meir om dei ulike seriane!


Lerums syltetøy Utan tilsett sukker

Lerums syltetøy Utan tilsett sukker er eit av syltetøya i marknaden med mest frukt og bær. Det er ikkje tilsett sukker utanom det sukkeret som naturleg er i frukta og bæra. Syltetøyet er tilsett søtstoff (sukralose) for å få fram den gode smaken som vi forventar av tradisjonsrike produkt som syltetøy. Det gir 12-15 kcal pr porsjon, og derfor er Utan tilsett sukker serien er eit godt alternativ for deg som er oppteken av mat med lite energi, og samtidig vil ete sunt. Lev lettare med Lerums Utan tilsett sukker! Klikk på produktet for å lese meir.


Lerums Utvalde syltetøy

Lerums Utvalde er eit syltetøy som er laga av dei finaste frukt og bær, og tilpassa ei sukkermengd som gir deg den aller beste smaksopplevinga. Syltetøyet har lågare innhald av kaloriar og mindre sukker enn tradisjonelt syltetøy. Glasa har høge, gripevenlege lok. Utvaldeserien har motteke fleire designprisar etter at serien første gong kom på marknaden i 2008. Det er 12 smaksvariantar i serien. Den nyaste varianten, Appelsinmarmelade, er ein favoritt som har vore sakna av mange.Tre av variantane har fått utmerking for god smak i ein internasjonal smakstest "Superior Taste Award". Klikk på produktet for å lese meir.


Lerum syltetøy

I meir enn 100 år og gjennom 4 generasjonar har Lerumfamilien laga syltetøy av dei beste råvarene og med tradisjonsrike oppskrifter. Lerums syltetøy er eit friskt og søtt kvalitetssyltetøy til heile familien. Syltetøyet kjem både i 1 kg glas, 790 g, 820 g, 980 g, og i 1 kg og 600 g plastboks, slik at du kan velje det som passar deg og familien din best. Klikk på produktet for å lese meir.


Lerum Klem

Lerum lanserer no praktisk og lettvint syltetøy på klemmeflaske – med samme gode smak. Lerum Jordbær- og BringebærKlem er rett og slett Lerums anerkjende kvalitets-syltetøy i praktisk emballasje som passar perfekt på brødskiva, til vafler eller i musliblandingen.

Sjå også våre andre produkt