Om Lerum

Gjennom fire generasjonar, sidan 1907, har Lerum laga produkt av frukt og bær. Vi kombinerar norske tradisjonar med kunnskap om foredling og ernæring, i tråd med trendane i marknaden og preferansane hjå forbrukarane.

Lerum er ein landsdekkande leverandør av syltetøy, saft og jus. Produkta våre vert distribuert gjennom dei fleste daglegvarebutikkane i landet. I tillegg leverer vi til storhushaldning og industri. Produksjonsanlegga og hovudkontoret ligg i Sogndal kommune i Sogn. Verksemda er familieeigd, der 4. generasjon Lerum i dag er eigarar.

Vår visjon:
I Saftbygda skal vi lage verdas beste smak av frukt og bær!

Våre verdiar:
Ekte, stolt, ærleg og engasjert

Les meir om

Historisk profilering

Denne flotte plakaten brukte Lerum i profileringa på slutten av 1920-åra.