Produkt frå Lerum

Frå Lerum i Saftbygda får du saft, jus og syltetøy. I meir enn 100 år og gjennom fire generasjonar har Lerumfamilien foredla produkt av frukt og bær. Det har gitt oss verdifull erfaring og kompetanse. Vi tilbyr ulike produktseriar av saft, syltetøy og jus, som alle er laga av ekte frukt og bær. Ekte vare smakar best!

 

Vår første logo

Dette er den første logoen til Lerum. Det var grunnleggjaren Nils Hansson Lerum som teikna logoen sjølv. Logoen henta vi fram att til bruk i jubileumsåret 2007.