Saftbygda Sogndal

Saftbygda Sogndal

Regionsenteret i Indre Sogn har 7.677 innbyggjarar pr. 01.01.2015, og i skuleåret har bygda om lag 2000 studentar og skuleelevar i tillegg. Sogndal og nabobygdene rundt har alltid hatt sterke tradisjonar når det gjeld kultur og idrett. Dugnadsånd og felles innsats er særs viktig, og dannar grunnlaget for levande bygdesamfunn.


Idrett i Saftbygda

Sogndal Fotball og Lerum

Lerum har vore Sogndal Fotball sin trufaste samarbeidspartnar sidan syttitalet. I 1981 vart vi hovudsponsor. Lerum vart i 2006 kåra til årets klubbsponsor. I 2008 fekk Sogndal Fotball ein ny hovedsamarbeidspartner, Sparebanken Vest, i tillegg til Lerum. I 2011 var det 30 år sidan Lerum signerte den første kontrakten med Sogndal Fotball.

Lerum har vore med Sogndal Fotball i oppgangs og nedgangstider - meir enn 30 år i tjukt og tynt!


Fjellsport i Saftbygda

Fjellsportfestivalen og Lerum

Fjellsportfestivalen er ein årleg festival som arrangerast av Bratt Moro AS i Sogndal; bygda som dei siste åra har blitt utropt til Fjellsporthovudstaden i Noreg, og det er ikkje utan grunn! Med sine bratte fjell, djupe dalar, nydelege fjordar og snø-rike vintrar er Sogndal den ultimate plassen å drive fjellsport. -Året rundt!

Fjellsportfestivalen vart i 2016 arrangert for 8. gong. Og gjennom desse åra har festivalen vorte tøffare, brattare og friare. www.fjellsportfestivalen.no


Kultur i Saftbygda

I Lerum er vi nesten like opptekne av kultur og idrett som vi er av frukt og bær. Vi er Generalsponsor til Sogndal musikklag samt hovudsponsor til Sogndal skulemusikk og Sogndal kulturhus. I tillegg sponsar vi fleire andre korps og ulike kulturarrangement i Sogn. 


Bjarne Lerums Bilmuseum

Teknisk direktør, og 3. generasjons eigar, Bjarne Lerum, var i alle år ein ivrig bilentusiast. Mercedes var utan tvil favorittbilen. Bilinteressa har ført til ei unik bilsamling, og eit eige bilmuseum.

www.bjarnelerumbil.no

For omvisning, ta kontakt med Bente Lerum Lund
Tlf.: 48 26 46 59
E-post: bente@lerum.no

Sjå også...

Fargerik emballasje

I etterkrigsåra og i starten på 50-talet opplevde Lerum Saftfabrikk stor suksess med denne type emballasje til syltetøy. I 1950 var Karl Lerum disponent og omsetninga var kr. 753.000...