Samfunnsansvar

Vi kombinerar sunn forretningsdrift med etisk åtferd. I tillegg til eiga verdiskapning, er det viktig for Lerum å bidra til positiv samfunnsutvikling, først og fremst ved å samarbeide med lokale leverandørar og støtte lokale lag og organisasjonar. Det kan du og lese meir om under Saftbygda Sogndal


Etisk handel

Lerum er medlem av Initiativ for etisk handel (IEH)

 

IEH er ein pådrivar og eit ressurssenter for verksemder som ønskjer fokus på å fremje etisk forsvarleg handel i leverandøkjedene sine. Når vi er medlem i IEH forpliktar vi oss til aktivt å ta tak i utfordringar i leverandørkjedene våre, og rapportere opent om status og framdrift i arbeidet vårt. Les meir om IEH på www.etiskhandel.no  


Utvalde kirsebær miljø.jpg

Kvalitet / Trygg mat

Heilt sidan starten har kvalitet stått sentralt i Lerum. Det er berre dei aller beste bæra og den beste frukta som vert til Lerum saft, syltetøy og jus.

Kvalitet er viktig i heile verdikjeda. Vi har eit kvalitetssystem som sikrar forbrukarane trygg mat og drikke og gjer oss til ein kvalitetsleverandør i marknaden. Produkta våre skal vere bygde på tradisjon, fornying og gode råvarer.

Lerum er sertifisert i samsvar med BRC Global Standard - Næringsmiddeltryggheit. Dette er ein internasjonal kvalitetsstandard for leverandørar til daglegvarehandelen.

BRC Food certificate drikkevarer
BRC Food certificate syltetøy


Miljø

Vi brukar råvarer og emballasje som påverkar miljøet så lite som mogleg. Vi arbeidar for mindre avfall til deponi og meir avfall til gjenvinning ved å kildesortere og i størst mogleg grad nytte emballasje som kan gjenvinnast.

Vi arbeidar for at miljøbelastninga frå transporten vert så liten som mogleg. Produksjonsmetodane skal gjere den negative miljøpåverknad så liten som mogleg.

Grønt Punkt Noreg AS sikrar finansiering av returordningane for plast-, metall-, og glasemballasje, emballasjekartong, drikkekartong og bølgepapp. Som kontrollmedlem er Lerum med på dugnaden og betalar vederlag til Grønt Punkt Noreg AS. Det same krev vi av leverandørane våre. Last ned medlemsbevis her: Medlemsbevis | Kontrollmedlemsbevis.

Visste du at all emballasjen til Lerum skal attvinnast? Sjå www.sortere.no for informasjon om kjeldesortering i din kommune.

Plastflasker med Lerum Saft og Lerum Julebrus skal pantast. Lever inn flaskene der du kjøper Lerum Saft! Sjå www.infinitum.no for meir informasjon.

Nye pantemerke i Noreg: Frå hausten 2014 er det vedteke nytt design på pantemerka i Noreg. I ein periode vil du finne Lerum-flasker med både nye og gamle pantemerke i handelen. Flaskene kan du sjølvsagt pante akkurat som før, same kva pantemerke dei har.

Pant alt. Alltid.


Skule og næringsliv

For Lerum er det viktig med eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv.

Lerum har partnerskapsavtale med Kvåle skule i Sogndal, Kaupanger skule, Luster vidaregåande skule og Sogndal vidaregåande skule. I tillegg samarbeidar vi med fleire andre skular i Sogn. Eit slikt samarbeid kan inkludere bedriftsbesøk, hospitering for lærarar og utplassering for elevar. Lerum kan holde føredrag om søknad/CV.

Samarbeidet med skulane gjer at Lerum får vist potensielle framtidige arbeidstakarar kva jobbmoglegheiter som finst i verksemda.

Lerum vert ofte nytta til prosjektarbeid og oppgåveskriving av elevar og studentar ved utdanningsinstitusjonar i heile landet.  Under menyen "Om Lerum", vil de finne mykje informasjon om verksemda, også historien gjennom meir enn 100 år.

Sjå også...

Trufast sponsor

Lerum har vore Sogndal Fotball sin trufaste samarbeidspartnar sidan syttitalet. I 1981 vart vi hovudsponsor. Lerum vart i 2006 kåra til årets klubbsponsor. På bildet ser du fire stk Flo i aksjon på Fosshaugane.