Sørheim Gard Industri- og Handelsmuseum

Den første Lerum safta vart kokt ein augustdag i 1907 i den vesle grenda Leri på Sørheim i Luster i Sogn. Kari og Nils Hansson Lerum dreiv landhandel, Bui, og tok imot bær frå bøndene i området. Bæra vart sende vidare med båt til Bergen. Ein dag vart to stampar med bringebær ståande att på kaia, desse vart det laga saft av. Dette vart starten på Lerum eventyret.

Nils hadde drive landhandel i fleire år. To år etter at den første safta vart kokt, vart Safthuset, den første fabrikken opna. I dag framstår både landhandelen og safthuset som museum . Publikum får sjå korleis saft og syltetøy vart laga for meir enn 100 år sidan. I landhandelen får dei sjå korleis handelen føregikk i den tida. I «Bui» er det sal av saft, syltetøy og diverse kioskvarer.

Industri og handelsmuseumet har sesongope frå 1. mai - 1. oktober
For omvisning, ta kontakt med Astrid Lerum: Tlf. 90 13 73 02
E-post: lerum.museum@leri.no

-1.jpg
-2.jpg

1905

I 1905 bygde Kari og Nils H. Lerum seg hus på Sørheim i Luster. Dei starta landhandel i kjellaretasjen, og tok i mot bær for vidaresending med båt til Bergen.

2003

Landhandelen som Nils og Kari Lerum opna i 1906 vart restaurert og opna som museum. Saman med saftmuseet er dette i dag eit industri- og handelsmuseum.