Sponsing

Lerum ser det som verdiskapande og samfunnsnyttig å gje støtte til ulike arrangement i Sogndal og Sogn og Fjordane fylke. Vi ynskjer å formidle våre verdiar og profilere produkta våre ved å støtte lag og organisasjonar ved idrettsarrangement, basarar, marknadar mm.

Lerum mottek mange førespurnadar om sponsorsamarbeid og sponsing av produkt. Dei fleste av desse er til gode formål. Likevel kan vi ikkje støtte alle førespurnadane som kjem, men må gjere prioriteringar. Dette ber vi om forståing for.

Vi er ferdige med avtalane for 2014, og nokre av dei vi sponsar i år med pengebeløp er:

Sogndal Fotball, Sogndal Musikklag, Jotun Handball, Fjøra Fotball, Sogndal Skulemusikk, Vik IL Skiskyting, Kjeringi Open, Kaupanger Idrettslag, Kaupanger Fotball, Sogndal Handball, Lerum Cup Fotball, Lerum Cup Skyting, Sogndal Alpin, Fjellsportfestivalen, Syril, Sogndal Kulturhus, Lions, Sogndal Langrenn, Studentsamskipnaden v/ Vekao.

I tillegg sponsar vi med varer til mange arrangement.

Ver venleg å fylle ut søknadsskjemaet under. Vi behandlar søknadane med jamne mellomrom.

Sjå også...

 

Industri- og handelsmuseum

Landhandelen som Nils og Kari Lerum opna i 1906 vart restaurert og opna som museum i 2003. Saman med saftmuseet er dette i dag eit industri- og handelsmuseum.