Spørsmål og svar


Kan jus erstatte frukt og bær?

Svar:

Forskarar har oppdaga at jus og frukt er like sunt. Eit glas jus kan erstatte "1 av 5 om dagen".

Les meir her


Kan diabetikarar drikke Lerum saft eller ete Lerum syltetøy utan tilsett sukker?

Svar:

Lerum saft og syltetøy utan tilsett sukker er søta med søtstoffet sukralose. Sukralose gir ikkje blodsukkerstigning, men frukt og bær inneheld naturleg fruktsukker som diabetikarar må ta omsyn til. Lerums saft utan tilsett sukker inneheld heile 97% råsaft. Lerums syltetøy utan tilsett sukker inneheld heile 80% frukt og bær.


Kva er sukralose?

Svar:

Sukralose er eit søtstoff som er framstilt frå sukker. Gjennom ein prosess på fleire trinn vert sukker (sukrose) omdanna til sukralose som er eit søtstoff som smakar som sukker men som er utan kaloriar. Sukralose kan vere til god hjelp ved vektkontroll.


Kvifor er det viktig å ete frukt og bær?

Svar:

Frukt og bær er viktige kjelder til kostfiber, vitamin og mineralstoff. ”5 om dagen” er anbefalt. Ein porsjon tilsvarar ein middels stor frukt, 1-2 dl bær eller omlag 1,5 dl frukt-/bærjus.

Inntak av frukt og bær beskyttar mot ei rekke sjukdommar, som kreft, hjarte- og karsjukdommar og type 2 diabetes. I tillegg til frukt og bær bør vi også ete grønsaker, belgfrukter, nøtter og urter.

Det er god grunn til å meine at antioksidantane som finst blant anna i frukt og bær er ansvarlege for mykje av den beskyttande effekten mot ulike sjukdommar. I frukt og bær er det fleire hundre ulike antioksidantar. Forskarar meiner at det er samspelet mellom alle dei ulike antioksidantane som gjer at kroppens ulike celler og organ vert beskytta mot skade.


Kva er antioksidantar og kor finn vi dei?

Svar:

Det finst mange ulike typar antioksidantar (polyfenolar, flavonoidar, karotenoidar, sulfidar, lignanar etc.) i frukt, bær og grønsaker og andre vegetabilske matvarer. Antioksidantane motvirkar skade på cellene (oksidativt stress) på grunn av frie radikalar. Oksidativt stress er eit fellestrekk ved fleire av sjukdommar som kreft og hjerte- og karsjukdommar.

Frukt og bær er gode kjelder til antioksidantar. Som særs gode kjelder kan nevnast blåbær, solbær, tranebær, jordbær, bringebær og bjørnebær, men dei aller fleste typar bær og frukt er gode kjelder. I tillegg til å være gode kjelder til antioksidanter, inneheld frukt og bær rikeleg med viktige vitaminer og mineralar.


Er Lerums jus tilsett sukker?

Svar:

Nei, Lerums jus er ikkje tilsett sukker. Lerums jus er 100% naturleg og inneheld kun det fruktsukkeret som naturleg er i frukt og bær.


Er Lerums Jus tilsett konserveringsmiddel?

Svar:

Nei, Lerums jus er ikkje tilsett konserveringsmiddel. Lerums jus er 100% naturleg. Jusen oppnår lang haldbarheit ved at produktet blir pasteurisert og aseptisk pakka.

Sjå også...

Fargerik emballasje

I etterkrigsåra og i starten på 50-talet opplevde Lerum Saftfabrikk stor suksess med denne type emballasje til syltetøy. I 1950 var Karl Lerum disponent og omsetninga var kr. 753.000...