Spørsmål og svar


Kva er stevia?

Svar:

  • Steviaplanta inneheld naturlege sukkerforbindelsar som er opptil 300 gonger søtare enn vanleg sukker.
  • Stevia-søtstoffa (steviolglykosid E 960) vart godkjent for bruk i Norge i 2012 i sukkerfrie eller energireduserte næringsmiddel (30% mindre energi enn standardprodukta)
  • Stevia er den daglegdagse betegninga både på planta Stevia rebaudiana bertoni og på tilsetjingsstoffet steviolglykosid (E 960) som er eit planteekstrakt.
  • Stevia bidreg verken med kaloriar, blodsukkerstigning eller tannskader.
  • Stevia inneheld naturlege søtande stoff frå planta Stevia rebaudiana bertoni, som har si opprinning i Paraguay. Stevia har blitt brukt i mat og drikke i fleire hundre år i Sør-Amerika og i fleire tiår i Asia. Søtstoffet har også blitt nytta som erstatning til sukker i flerie år i land som for eksempel Japan, Frankrike, USA, Australia, New Zealand, Kina og Brasil.
  • Steviolglykosid er opp til 300 gonger søtare enn sukker. Blada fra Stevia-planta er 30-45 ganger søtere enn sukker. Desse blada er enno ikkje godkjent til bruk i mat i Norge.
  • Det Europeiske Mattilsynet (EFSA) har gjort en grundig gjennomgong av forskning som er utført på steviolglykosid, og ingen bivirkningar er påvist.

Kvifor brukar de ikkje berre Stevia i dei nye saft og syltetøyprodukta?

Svar:

Den nye serien med syltetøy og saft, Lett frå Naturen, inneheld både stevia og vanleg sukker. Vi har jobba lenge med å finna fram til ein god smak på syltetøyet og safta med bruk av stevia som søtstoff. Vi har valt å bruke sukker i tillegg til stevia, då stevia gir ein bismak som kan minne om lakris om vi kun brukar stevia. Vi har testa dette ut over lang tid, og meinar dette er den beste kombinasjon. Men, vi fortset arbeidet med å utvikle produkt med stevia.


Kan jus erstatte frukt og bær?

Svar:

Forskarar har oppdaga at jus og frukt er like sunt. Eit glas jus kan erstatte "1 av 5 om dagen".

Les meir her


Kan diabetikarar drikke Lerum saft eller ete Lerum syltetøy utan tilsett sukker?

Svar:

Lerum saft og syltetøy utan tilsett sukker er søta med søtstoffet sukralose. Sukralose gir ikkje blodsukkerstigning, men frukt og bær inneheld naturleg fruktsukker som diabetikarar må ta omsyn til. Lerums saft utan tilsett sukker inneheld heile 97% råsaft. Lerums syltetøy utan tilsett sukker inneheld heile 80% frukt og bær.


Kva er sukralose?

Svar:

Sukralose er eit søtstoff som er framstilt frå sukker. Gjennom ein prosess på fleire trinn vert sukker (sukrose) omdanna til sukralose som er eit søtstoff som smakar som sukker men som er utan kaloriar. Sukralose kan vere til god hjelp ved vektkontroll.


Kvifor er det viktig å ete frukt og bær?

Svar:

Frukt og bær er viktige kjelder til kostfiber, vitamin og mineralstoff. ”5 om dagen” er anbefalt. Ein porsjon tilsvarar ein middels stor frukt, 1-2 dl bær eller omlag 1,5 dl frukt-/bærjus.

Inntak av frukt og bær beskyttar mot ei rekke sjukdommar, som kreft, hjarte- og karsjukdommar og type 2 diabetes. I tillegg til frukt og bær bør vi også ete grønsaker, belgfrukter, nøtter og urter.

Det er god grunn til å meine at antioksidantane som finst blant anna i frukt og bær er ansvarlege for mykje av den beskyttande effekten mot ulike sjukdommar. I frukt og bær er det fleire hundre ulike antioksidantar. Forskarar meiner at det er samspelet mellom alle dei ulike antioksidantane som gjer at kroppens ulike celler og organ vert beskytta mot skade.


Kva er antioksidantar og kor finn vi dei?

Svar:

Det finst mange ulike typar antioksidantar (polyfenolar, flavonoidar, karotenoidar, sulfidar, lignanar etc.) i frukt, bær og grønsaker og andre vegetabilske matvarer. Antioksidantane motvirkar skade på cellene (oksidativt stress) på grunn av frie radikalar. Oksidativt stress er eit fellestrekk ved fleire av sjukdommar som kreft og hjerte- og karsjukdommar.

Frukt og bær er gode kjelder til antioksidantar. Som særs gode kjelder kan nevnast blåbær, solbær, tranebær, jordbær, bringebær og bjørnebær, men dei aller fleste typar bær og frukt er gode kjelder. I tillegg til å være gode kjelder til antioksidanter, inneheld frukt og bær rikeleg med viktige vitaminer og mineralar.


Er Lerums jus tilsett sukker?

Svar:

Nei, Lerums jus er ikkje tilsett sukker. Lerums jus er 100% naturleg og inneheld kun det fruktsukkeret som naturleg er i frukt og bær.


Er Lerums Jus tilsett konserveringsmiddel?

Svar:

Nei, Lerums jus er ikkje tilsett konserveringsmiddel. Lerums jus er 100% naturleg. Jusen oppnår lang haldbarheit ved at produktet blir pasteurisert og aseptisk pakka.

Sjå også...

Fargerik emballasje

I etterkrigsåra og i starten på 50-talet opplevde Lerum Saftfabrikk stor suksess med denne type emballasje til syltetøy. I 1950 var Karl Lerum disponent og omsetninga var kr. 753.000...