Mange gode grunnar til å ete jordbær

 

For mange er jordbær sjølve smaken av sommar og ferie. I tillegg til å vere supergode, er dei og proppfulle av viktige næringsstoff som kroppen vår treng.

Jordbær inneheld lite kaloriar, mykje C-vitamin og antioksidantar. Jordbær går inn som ein av fem om dagen, då er det ikkje vanskeleg å nå det målet.

Jordbær aukar blodsirkulasjonen, og kan vere spesielt bra for deg som slit med høgt blodtrykk. Ekstrakt frå jordbær beskyttar og mot ultrafiolett stråling. I tillegg reduserer det skader på DNA-et og aukar vitaliteten på hudcellene.

Så her er det berre å kose seg med jordbær!

 
AktueltGasta Design