Tips ved safting og sylting

 

Å lage saft og syltetøy er handverk og resultatet vil vere avhengig av fleire faktorar. T.d. vil kvaliteten på bæra vera ulik frå sesong til sesong og også gjennom sesongen. Innhaldet av vatn og sukker i bæra vil variera og er noko som bør takast omsyn til ved safting og sylting. 

Produkta får ein fast konsistens på grunn av pektinet som naturleg fins i frukt og bær. Solbær og rips har eit naturleg høgt innhald av pektin og er difor spesielt godt egna til å lage gele av. 

Når ein skal lage saft av rips og solbær bør ein bruke godt modne bær litt seint i bærsesongen, då inneheld bæra mindre pektin som gjer det lettare å lage saft. 

safting.jpg

Modning av frukt og bær er og viktig for kvaliteten på sluttproduktet. For lite modne bær gir til dømes lite smak og aroma. 

Det er fleire grunnar til at ein varmar opp syltetøy og bær til safting. Hovudformålet med oppvarming er å uskadeleggjere mikroorganismar (i hovudsak mugg og gjær). Med ein temperatur over 80 grader bryt ein samstundes ned enzym som naturleg fins i bæra, og som over tid vil kunne forringe kvaliteten på syltetøy og saft. Det er viktig å overholde koketida i oppskriftene for at temperaturen skal bli høg nok i heile frukt- og bærblandinga.

God hygiene er svært viktig når ein skal safte og sylte. Dette er viktig for at produkta skal vera haldbare. 

Glas med lok og gummiring (dersom ein brukar det) samt flasker må vaskast grundig, skyllast og kokast før bruk. Det er ein fordel om ein tek glasa/flaskene rett frå kokande vatn når ein skal fylle i saft eller syltetøy. 

813_0215.00_02_06_07.Still005.jpg

Varm saft eller syltetøy bidreg til ei steril overflate og det er difor viktig at temperaturen held seg ved kokepunktet under fyllinga av flasker og glas. Ved å snu flaska/glaset med ein gang etter at det er fylt på produkt vil det varme produktet «sterilisere» alle deler av emballasjen inkludert korken/loket. Dersom ein brukar gammaldags kork til saftflaskene må denne kokast i vatn før korking av flaskene 

Tett lok er avgjerande for eit haldbart syltetøy. Dette får vi idet vakuum oppstår i glaset. For å sikre vakuum på syltetøyglasa er det viktig at ein ikkje fyller glasa heilt opp. La det vera igjen ca 0,5 cm på toppen av glaset. 

Pass på at kanten på glaset og eventuelt gummipakningen ikkje blir tilsølt med syltetøy. Dette vil føre til at glaset ikkje blir tett. Lufttilgang gir gode vekstforhold for mugg og gjær.

bringebærsyltetøy.jpg
 
Frukt og BærGasta Design