Sukkerforbruket i Lerum kraftig redusert

 
 

Langsiktig arbeid gir effekt

I Lerum ynskjer vi å bidra til eit godt kosthald. Vi er derfor opptekne av å redusere sukkerinnhaldet i produkta vi tilbyr deg. Dette arbeidet starta vi for alvor med i 2005 då Lerum Saft utan tilsett sukker vart lansert.

-Vi brukte lang tid på å utvikle safta utan tilsett sukker fordi vi set høge krav til oss sjølve i forhold til smak og kvalitet. Då vi var klar for lansering i 2006, hadde vi laga ei saft med heile 97 % råsaft og utan tilsett sukker, seier produktutviklar Gunnar Eikemo.

Produktutviklar Wenche Wefring, Oddbjørg Fjelltun og Gunnar Eikemo har gjort ein formidabel jobb med å redusere sukker i produkta våre.

Produktutviklar Wenche Wefring, Oddbjørg Fjelltun og Gunnar Eikemo har gjort ein formidabel jobb med å redusere sukker i produkta våre.

I Lerum reduserer vi sukkerforbruket ved å utvikle nye smakfulle produkt utan tilsett sukker eller med redusert sukkerinnhald, og samstundes arbeide kontinuerleg med å redusere sukker i våre eksisterande produkt. Sidan safta utan tilsett sukker vart godt motteken av forbrukarane, våga vi oss vidare inn på syltetøy og lanserte eit syltetøy utan tilsett sukker i 2007. Sidan då har vi jobba vidare å forbetre desse produkta. I tillegg har vi lansert saftserien ZERoh! som inneheld null kaloriar.

-Vi har valgt å tenke langsiktig i dette arbeidet. Ved å ta små steg i reduksjon av sukker, vil du som forbrukar venne deg gradvis til ein mindre søt smak. På syltetøy er dette arbeidet meir utfordrande enn på drikke fordi sukker i tillegg til å søte, har eigenskapar som konserverer og også gjer noko med utsjånaden på produktet. I dag har vi ein serie utan tilsett sukker på syltetøy som sel godt i marknaden og som i desse dagar vert ytterlegare forbetra i smak. I tillegg har vi sukkerredusert fleire av dei originale syltetøyvariantane våre og skal halde fram med det, seier produktutviklar Wenche Wefring.


sukkerinnhald-saft.png

På våre merkevarer på saft (Lerum og ZERoh! )har vi følgjande resultat sidan 2005:

Reduksjon i gjennomsnittleg sukkerinnhald i all drikkeklar saft ut frå oss på 54 %.

Reduksjon i faktisk sukkerforbruk på 34 %

sukkerinnhald-syltetøy.png

På våre merkevarer på syltetøy (Lerum) har vi følgjande resultat sidan 2005:

Reduksjon i gjennomsnittleg sukkerinnhald i alt syltetøy ut frå oss på 20 %.

Reduksjon i faktisk sukkerforbruk på 48 %.

I 2018 har vi selt 37 % meir saft og syltetøy enn i 2005. I same periode har vi brukt 38 % mindre sukker. Det er ein formidabel reduksjon. Vi har brukt mest ressursar på sukkerreduserte og sukkerfrie produkt i denne perioden og det handlar om å forbetre smaken på desse produkta kontinuerleg. Vi lovar at vi skal halde fram med dette arbeidet både på drikke og på syltetøy, held produktutviklar Gunnar Eikemo fram.

 
lerum-syltetoy-80-prosent-bær.png
 
 
sunnheitGasta Design