Frukt & bær


Mål:
Vi skal ha eit godt samarbeid med dei norske frukt- og bærdyrkarane.

Lerum held til i eit av dei nordlegaste områda for frukt- og bærdyrking i verda, og vi kan like godt innrømme det med ein gong: Vi jobbar med naturen sine sunnaste råvarer, og det har vi gjort i meir enn 100 år. Frukt og bær med sterke fargar er fulle av både vitaminar og antioksidantar. Når du nyt eit godt glas ekte saft eller kosar deg med syltetøy, får du i deg gode næringsstoff.

Vi tek i mot alt vi har høve til av norske råvarer, men må i tillegg til importere råvarer. Vi er sjølve ute for å kjøpe inn bær og frukt, og mykje av det er "handplukka" for oss av spesielt utvalde leverandørar. Vi er såleis sikre på at vi får levert høg kvalitet på råvarene vi nyttar i produkta vi sel til deg. Nokre av desse leverandørane har vi hatt eit kundeforhold til i meir enn 30 år.

Vi har eit nært og tett forhold til dyrkarane, og deltek i prosjekt for å fremje norsk produksjon og finne nye sortar som både er gode i våre produkt og gir gode avlingar for dyrkarane. Bær- og fruktnæringen i regionen har hatt stor vekst dei siste åra. Vi er glade for at merksemda kring frukt og bær aukar, og heilt sidan starten har vi jobba for å bidra til at dyrkarane skal ha gode rammevilkår og sikre rekruttering til den delen av landbruket.  Her kan du lese om forskingsmiljøet på Njøs, som mellom anna har ansvar for jordbær- og bringebærforedlinga i Noreg: http://www.njos.no/

Lerum - Ekte vare smakar best!