Ledig stilling

Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar.

Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRC, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet. No også med heilt ny syltetøyfabrikk, opna i mai 2018.

 

lerum_stilling.jpg

 

 

Avdelingsleiar, teknisk avdeling

Vi har ledig 100% fast stilling ved vårt anlegg i Kaupanger. Vi søkjer ein dyktig, engasjert og fagleg sterk leiar. Du vil her bli del av eit spennande og moderne miljø, med utfordrande og lærerike oppgåver.

 

Ansvarsområde/rolle:

  • Overordna ansvar for drift og vedlikehald av maskiner og bygningar

  • Leie og utvikle teknisk avdeling

  • Utvikle bedrifta sin vedlikehaldsfilosofi

  • Koordinere vedlikehaldsarbeid

  • Proaktivt identifisere og initiere interne driftsmessige forbetringsprosjekt og utvikle beste praksis innanfor vedlikehaldsområdet.

  • Leie ulike forbetrings- og utviklingsprosjekt innan området.

 

Kvalifikasjonar:

  • Krav om høgare utdanning, bachelor eller mastergrad innan ingeniørfag

  • Må ha fagleg tyngde og kunne vise til resultat frå liknande arbeid.

  • Kompetanse og erfaring knytt til prosjektleiing.

  • Må ha erfaring med personalleiing.

  • Praksis / erfaring frå tilsvarande industri er ønskjeleg

 

Våre verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert. Send inn din søknad om du kjenner at dette treff deg, og at du ønskjer å bidra i eit spanande og innovativt miljø.

 

Spørsmål om stillinga ovanfor kan rettast til:

Fabrikksjef Magne Lund, tlf: 911 46 271.

 

Søknad med CV og attest/vitnemål skal sendast på epost til:

HR-direktør Trude Ramstad, epost: trude.ramstad@lerum.no

 

Skriv kva stilling du søkjer i emnefeltet.

 

Søknadsfrist: 09.09.18

-1.png
 

Sjå også...

Historisk profilering

Denne flotte plakaten brukte Lerum i profileringa på slutten av 1920-åra.