Farfars beste plommesyltetøy
Syltetøy

Farfars beste plommesyltetøy

Heimefrå er eit syltetøy laga på gamlemåten. Plommene vi brukar er av den gamaldagse sorten, og gir eit veldig godt syltetøy. Heimefrå er laga med stoltheit, kjærleik og masse friske frukt. Det er dette som gir den gode smaken Heimefrå.

2-3 timar
1

Du treng

800g plommer
1/2 dl vann
300 g sukker
1 sitron

Tips

Vil du ha ein liten ekstra piff på syltetøyet, kok det med stjerneanis.

Produkt i oppskrifta

Slik gjer du det

1

Ha plommer og vatn i ein vid kjele. Plommene kan du gjerne dele i to eller fire for å korte ned koketiden litt. Plommesteinane treng du ikke fjerne enno.

2

La plommene koke til dei er møre, og plukk ut plommesteinane etter kvart som dei flyt opp til overflata. Kor lang tid dette tek er avhengig av plommer, temperatur og størrelse på gryta, men ca 15-20 minutter. Trekk gryta av varmen og ha i safta frå sitron.

plommer.jpg

3

Rør inn sukkeret, smak deg fram kor mykje som trengst etter kor søte plommene er. Rør godt slik at alt sukkeret er oppløyst. Sett kjelen tilbake på varmen og kok opp. La småkoke/putre til syltetøyet tjuknar, ca 20-30 minutt. Ha i stjerneanisen om du vil siste 15 minuttane.

185940674-1_758_758 (1).png

4

Hell det varme syltetøyet over på reine og steriliserte glass og skru på lokket med det same. Set glasa opp ned. La stå i 2 timar. Oppbevar syltetøyet mørkt og kjøleg, og i kjøleskap etter opning.

bannertest.jpg