Solsikkebrød med Lerum Appelsinmarmelade
Syltetøy,Bakst

Solsikkebrød med Lerum Appelsinmarmelade

Lerum Originalsyltetøy er eit friskt og søtt kvalitetssyltetøy til heile familien. No har vi tatt bort noko av sukkeret i syltetøyet, utan å ta vekk den gode smaken.. Smakar svært godt til dessert og nysteikt brød.

4 timer
2

Du treng

Porsjon for 6 personer
350 g kveitemjøl
150 g sammalt rug grov
50 g solsikkekjerner
15 g gjær
300 g helmjølk
50 g naturell yoghurt
7 g salt
Lerum Originalsyltetøy Appelsinmarmelade

Tips

Du kan fint velje fleire typar frø og korn etter kva du sjølv likar.

Produkt i oppskrifta

Slik gjer du det

1

Rør ut gjæren i heilmjølka og hell oppi mjøl og solsikkefrø , saman med naturell yoghurt i ein bolle. Om du ønskjer kan du supplere med fleire typar frø. Elt deigen godt i enten 15 min i maskin eller 20 min for hand. Set deretter bakebollen tildekka i romtemperatur i to timar.

Photo by kajakiki/iStock / Getty Images

2

Etter to timar er deigen klar til å leggast i ei smurt brødform. Lat deigen etterheva i 30-60 minutt. Set deretter formen inn i omnen som er forvarma til 250 grader, reduser varmen til 210 grader og steik so i 40 minutt. Nyt rykande ferske skiver med Lerum sin smaksrike appelsinmarmelade.

Photo by Wiktory/iStock / Getty Images