Varmar opp fabrikken med overskotsvarme frå ulike prosessar

Heilt sidan fabrikken vart bygd ut i 1993, har Lerum hatt fokus på å bruke opp at overskotsvarme frå ulike prosessar.

– Vi har høgt fokus på å nytte overskotsvarme og har hatt det i lang tid. Vi gjer mykje bra, og vi jobbar stadig med å nytte meir av overskotet, fortel Kenneth Lerum, prosjektleiar i Lerum.

Fabrikken på Kaupanger vart pussa opp og utvida i 2018. Totalt areal er i dag 28.000 kvm, med seks produksjonslinjer for saft og jus, og seks linjer for syltetøy. Her er det mykje ressursar som krevst for å varme og drifte fabrikken, ressursar Lerum jobbar med å bruke opp stadig meir av.

– Vi nyttar mykje varme/energi i prosessane når vi lagar saft, jus og syltetøy. Vi varmar prosessane opp i forskjellige temperaturar frå springtemperatur. Etter prosessen er det enno mykje varme i omløp, så det kan til dømes nyttast til å varme opp temperaturen i bygget, eller forvarme prosessar og utstyr. Det krevst også langt mindre energi å varme det opp att, så vi er bevisst på å ikkje la det gå til spille, fortel Kenneth Lerum.

I tillegg utnyttar Lerum dampen som kjem frå produksjonen, det blir henta ut og nytta til diverse prosessar i fabrikken. 

– Dette gjekk rett ut før. No klarar vi å bruka ein del av varmen frå denne prosessen, og det er veldig bra.

Reduserer straumforbruket

I tillegg til å bruke meir av overskotsvarmen, er det høgt fokus på å redusere straumforbruket i fabrikken. Temperaturen er senka og det isolerast meir. 

– Vi har nyleg satt inn to store varmepumper som skal redusere bruken av el-dampkjelane. Desse varmepumpene leverer dobbelt så mykje energi som dei blir tilført. Desse skal vi starte opp i nærmaste framtid 

Kenneth Lerum fortel at dei er ein del av eit forskingsprosjekt. Dei to svære varmepumpene har vorte jobba med i mange år. Målet er å bruke halvparten og gi det dobbelte.   

– Det har vore ein lang prosess, så no gler vi oss til å sjå resultata.

Her er ein av to nye varmepumper som snart skal i gang.

Kenneth viser alle lampene som er i ferd med å bli til LED-lys.

Fokus på både miljø og menneske

Det er ikkje berre varm damp som nyttast opp at. Lerum har høgt fokus på gjenbruk og gjenvinning på alle områder.

– Det er fokus på energieffektivt utstyr, kjeldesortering og resirkulering av avfall, bruk av resirkulert materiale i emballasje og så vurderer vi stadig alternative energikjelder som solceller, fortel Kenneth.

Han er ivrig når han pratar, og brenn for den moderne fabrikken. Lerum held mellom anna på å byte alle lampar til LED-lys, noko som kan redusere straumforbruket med ca. 130.000 kwh kvart år. Kenneth nemner tilleggsisolering av tak og det at alle lys går på sensor, slik at dei blir sløkt når ingen er til stades. 

– Vi er veldig stolte av fabrikken år, som eg vil sei er topp moderne. Og det aller viktigaste er sjølvklart alle dei flinke folka som jobbar her, og alt vi klarar å skape saman.

 

Sjå video om klimavenleg fabrikk:

Gasta DesignBerekraft