Moltesorbet
Syltetøy,Dessert

Moltesorbet

Smakfull og frisk moltesorbet som imponerer smakssansane

ca 3 timar
1

Du treng

1 glas Heimfrå moltesyltetøy
1 stk lime
1/2 sitron
1 stk eggekvite

Tips

Produkt i oppskrifta

Slik gjer du det

1

Hell "Heimefrå Molte" og safta frå sitron og lime i ein kjele, og kok forsiktig opp. La det småkoke i 2 minutt og trekk derretter kjelen av varmen.


IMG_5776.JPG

2

Hell bærmassen i ei sil og press igjennom så mykje som mogleg. Hell innholdet som gikk igjennom sila i eit desilitermål og fyll på med vatn til du har totalt 4 dl. Avkjøl heilt i kjøpeskapet.


Moltesorbet.JPG

3

Medan blandinga avkjølast piskar du eggekvite til ei stiv masse. Vend deretter den stivpiska eggekvita inn i den avkjølte bærblandinga.
Hell blandinga over i ein boks og sett i frysaren i cirka to timar. Rør i sorbeten cirka kvar halvtime under innfrysinga. Ved å røre jevnlig unngår du at det dannast iskrystallar som øydelegg den fløyelsmjuke konsistensen som ein sorbet bør ha.

Moltesorbet2.JPG

4

Når sorbeten er stivna kan den nytast med riven sjokolade og litt ”Heimefrå molte” på toppen. Smakar også fortreffeleg med karamellsaus.

Heimefrå Molte.png