Panna cotta utan tilsett sukker
Saft,Dessert

Panna cotta utan tilsett sukker

Frisk og sunn dessert som du kan nyte når du vil

ca 30 min
1

Du treng

0,5 dl Husholdningssaft eller skogsbærsaft utan tilsett sukker (ikkje utblanda)
200 g frosne bær
200 g naturell youghurt
2 ss sukrin+ (eller anna søtning tilsvarande 4 ss sukker)
4 plater gelatin

Tips

Produkt i oppskrifta

Slik gjer du det

1

Slik gjer du:

Ha skogsbær, sukrin+ og saft i ein kjele. Kok opp under omrøring. Mos blandinga med stavmiksar

skogsbær.jpg

2

Bløytlegg gelatinplatene i kaldt vatn i 3-4 minutt til dei er mjuke, klem ut vatnet og tilset i den varme blandinga.

Tilset yoghurt og bland godt. Hell over i 2 porsjonsformer. Sett i kjøleskåp i 3-4 timar. Kan med fordel lagast dagen før.

IMG_0420.JPG

3

Server med ein litt søta naturell yoghurt og gjerne litt friske bær eller granateple

Dessert hush u sukker.JPG