Sunne vafler med 80% blåbærsyltetøy utan tilsett sukker
Syltetøy,Dessert

Sunne vafler med 80% blåbærsyltetøy utan tilsett sukker

80% serien er eit godt alternativ for deg som er oppteken av mat med lite energi, og samtidig vil ete sunt. Lev lettare med Lerum Utan tilsett sukker!

30 min
1

Du treng

1 1/2 dl kveitemjøl
1 1/2 dl sammalt kveitemjøl, fin
1 dl havregryn
1/2 ts salt
1/2 ts bakepulver
4 dl ekstra lett mjølk
2 stk egg
2 ss smør

Tips

Server vaflene med litt vaniljekesam i tillegg til syltetøyet, for ein ekstra søt og proteinrik dessert!

Produkt i oppskrifta

Slik gjer du det

1

Bland alle tørrvarene saman i ein bolle. Tilsett mjølk, egg og smelta smør. Rør deretter alle ingrediensane saman til ei glatt røre.

Lerum-vafler-blåbærsyltetøy.jpg

2

Lat vaffelrøra stå og svelle i ca 15-20 minutt. Steik vaflene og legg dei på ei rist etter kvart som dei er steikt. Server vaflene med Lerum blåbærsyltetøy utan tilsett sukker.

Lerum-heimefrå-blåbær.jpg