Syltetøykjeks
Syltetøy,Bakst

Syltetøykjeks

Syltetøykjeks med Lerum sitt nydelege Klem bringebærsyltetøy. Klem er laga av dei beste bæra som er mosa og sylta – heilt utan bitar

60 min
1

Du treng

200g smør
1 egg
5 dl kveitemjøl
2,5 dl sukker
0,5 ts bakepulver
Lerums Klem Bringebærsyltetøy

Tips

Om du ønskjer, kan du tilsetje litt meir syltetøy i gropene medan kjeksa er varme.

Produkt i oppskrifta

Slik gjer du det

1

Set omnen på 180 grader. Ha smør og mjukt sukker i ein bolle. Pisk saman til du får ein kremaktig og lys blanding. Ha i egg og pisk godt.

Photo by wmaster890/iStock / Getty Images

2

Tilset deretter kveitemjøl og bakepulver og bland saman til ein mjuk deig. Bruk ei spiseskei til å forme ei kule i hendene. Legg kulene på eit steikebrett med bakepapir. Trykk kulene litt flate og dytt ein finger i midten for å lage ei grop. Eventuelt kan du kjevle ut deigen og bruke ei stjerneform for å få søte stjernekjeks.

Photo by wmaster890/iStock / Getty Images

3

Fyll så i gropa med Lerum Klem bringebærsyltetøy. Det er både enkelt og godt. La kjeksa steike i omnen i ca 10 min til dei blir gylne.

Photo by wmaster890/iStock / Getty Images