Vann høgste utmerking i smakskonkurranse
Lerum er stolte over at 80 % Aprikos & Fersken utan tilsett sukker har fått tre stjerner, høgaste mogleg utmerking, i Superior Taste Award 2025.
Superior Taste Award er ein internasjonalt anerkjend smakskonkurranse, ved International Taste Institute i Brussel, der ei ekspertjury beståande av profesjonelle kokkar og sommelierar blindtestar og vurderer mat- og drikkevarer frå heile verda. Produkta blir vurderte etter kriterium som førsteinntrykk, lukt, smak, tekstur og ettersmak, og berre dei aller beste får tre stjerner.
Det er vår eigen Wenche Wefring som har stått bak dette fabelaktige produktet, og vi vil gjerne gi all ære til henne for det flotte arbeidet.
Dette er ei stor anerkjenning av den høge kvaliteten vi i Lerum legg i å laga smakfulle produkt med mykje frukt og utan tilsett sukker.
Tusen takk til dommarpanelet og ikkje minst til alle som vel Lerum i kvardagen!