Juleprodukt
Det er noko heilt eige med smakane som høyrer jula til. Lerum Julebrus har vore ein fast del av julefeiringa for mange i årevis, og kjem både med og utan tilsett sukker. Saman med Lerum Julegløgg, rik på ekte frukt og bær, skaper ho den gode julestemninga rundt bordet. Smakar laga for små og store juleaugneblinkar.
Lerum julebrus
Når dei første flaskene med Lerum Julebrus kjem i butikk, veit mange at jula nærmar seg. Med sin raude farge og gode smak av bringebær har julebrusen vorte ein kjær tradisjon rundt norske julebord gjennom generasjonar. Han passar like godt til høgtidas måltid som til små og store førjulsaugneblinkar. Lerum Julebrus kjem både med og utan tilsett sukker, slik at fleire kan nyte den gode smaken av jul. No får du den i butikkane på Vestlandet. I tillegg kan du spørje etter den på alle Meny, Spar og Joker.
Lerum julegløgg
Lerum Julegløgg er smaken av varme og julestemning i ein kopp. Laga med ekte frukt og bær får gløggen ein fyldig og god smak som høyrer den kalde årstida til. Ho passar like godt til hyggelege førjulskveldar som til samvær med familie og vener gjennom heile julehøgtida. Nyt Lerum Julegløgg varm, og skap små og store juleaugneblinkar med ein smak av jul.