Ta vare på

 
lerum-rosa-graa.png

Hjå oss i Lerum er berekraft ei sjølvfølge

Det har det vore sidan augustdagen i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien på Sørheim. –Vi kan ikkje kaste bær, sa Kari Lerum. Og slik oppstod Lerum.

Sidan den gong har Lerumfamilien sylta bær gjennom fire generasjonar med handverkstradisjonar, og vore ein pådrivar for lokal utvikling.

Å foredle betyr å bevare. Å ta vare på. For vår bærkrets handlar det om å ta vare på naturen. Frukt og bær. Menneske. Ernæring. Og lokalsamfunnet som vi er ein del av.

Som den vesle, norske utfordraren kan vi ikkje vere best på alt. Men vi kan vere best på det som ligg i kjernen av vår natur – frukt og bær. Og skal vi få til noko stort på ein liten plass, må vi løfte saman med forbrukarar, næringsliv og myndigheiter.

Skal vi få til noko på ein liten plass, må vi løfte i lag.

 
dame-med-ber.jpg