Menneske


etisk-handel.jpg

Etisk handel og rettferdige arbeidsvilkår

Vi kjøper råvarer frå heile verda og tek ansvar for å respektere retten til rettferdige arbeidsvilkår. Lerum er medlem av Etisk handel Norge som er ein pådrivar og eit ressurssenter for verksemder som ønskjer fokus på å fremje etisk forsvarleg handel i leverandørkjedene sine. Når vi er medlem i Etisk handel Norge, forpliktar vi oss til aktivt å ta tak i utfordringar i leverandørkjedene våre, og rapportere opent om status og framdrift i arbeidet vårt. Les meir…

Les meir om etisk handel her: www.etiskhandel.no


Inkluderande arbeidsliv

Det heile starta med våre oldeforeldre og bær dei hadde til overs på Sørheim gard. Over 113 år seinare er Lerumfamilien vorten betrakteleg større, og Lerum er ei viktig hjørnesteinsbedrift i Sogndal. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og vi har derfor eit stort ansvar for å ivareta deira helse og tryggleik. Vi er ei IA-bedrift (Inkluderande Arbeidsliv), og jobbar systematisk for at alle skal trivast og utviklast hjå oss.

Nye fabrikken mot syltetøyavd-web.jpg

lokal-padrovar.jpg

Lokal pådrivar

Lerum er ein del av eit lite lokalsamfunn i indre Sogn. Vi kombinerer sunn forretningsdrift med etisk åtferd. I tillegg til eiga verdiskapning er det viktig for oss å bidra til positiv samfunnsutvikling. Vi støttar mellom anna lokale organisasjonar innan idrett og kultur. I tillegg samarbeider vi med lokale skular.


Takk til trufaste Lerum-tilsette

Vi vil takke alle våre fine tilsette som gjer ein fantasisk innsats. Nærværet i 2020 var på heile 97 %, det må vel seie noko om dei fantastiske personane som alltid STAOR PAO! Dei er og ein del av Lerumfamilien. På 10 år har vi delt ut 57 gullklokker. Vi håpar at det seier noko om trivselen i Lerum.

Wenche, Oddbjørg og Gunnar2.jpg

lerum-trine.jpg

Saman skal vi ta vare på kvarandre

Lerum har samarbeid med NAV og SOPRO (Sogneprodukter, som driv yrkesretta attføring), der ein gir menneske moglegheiter.