Sponsing frå Lerum
Det er viktig for oss å ta vare på Sogn og støtte opp om lokalsamfunnet. Eit levande og aktivt bygdesamfunn skapar engasjement og trivsel.
Vi ser det som samfunnsnyttig å støtte lag og organisasjonar i Sogn, og bidra til at alle barn og unge får moglegheit til å delta innan idrett, kultur, natur, mat og drikke. Det skal vere inkluderande og samfunnsnyttig og vi heiar på frivilligheit.
“Vi heiar på alle som er ekte, stolte, ærlege og engasjerte – i tråd med verdiane våre, og som vil vere gode ambassadørar for oss.”
Lerumfondet
Kvart år set vi av fleire millionar kroner til Lerumfondet for å gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Vi sponser alt frå Sogndal Fotball, Sogndal FK Damer og Vitemeir, til mindre, lokale idrettslag og arrangement.
Vi har nokre kriterium for å søkje, og to søknadsfristar kvart år.
Produktsponsing
Mange ønskjer å ha med Lerumprodukt på arrangementa sine, noko vi synest er veldig stas. Difor kan du søkje om å få sponsa produkta til ditt arrangement. Blir søknaden innvilga, kan produkta hentast på fabrikken vår på Kaupanger.
Hugs at det har kome eit nytt marknadsføringsforbod retta mot barn under 18 år. Dette inneber at Lerumprodukt ikkje kan delast ut på barnearrangement.